Den sisten salmen vi song var en dåpssalme. For dei fleste av dokke er det allereie ei god stund sidan dei ble døypt. Når nokon blir døypt tenner vi eit lys for den. Også i dag skal eg tenne eit lys for kvar og ein av dokke.

Eg skal tenne eit lys. Eg skal tenne eit lys som jagar bort mørket og sender ut varme og ljos. Eit ljos kan vise vegen. Til dåpen tenner vi eit lys for dåpsbarnet og i dag skal eg tenne eit ljos for kvar og ein av dokke kjære konfirmanter.

Jesus Kristus seier : "Eg er ljoset for verda. Den som fylgjer meg, skal ikkje ferdast i mørkret, men ha livsens ljos." Joh 8:12. Lysene på alteret minner oss på dette ordet.

 

Eg tenner eit lys for dokke. Ei lys som skal vise dokke vegen vidare gjennom livet. Vi har hatt nesten eit år i lag og har knapt blitt kjent med kvarandre. Det er litt trist at nå ikkje lengre kan regne med at to eller tre av dokke er med på en kvar gudsteneste. Ennå er dokke ei stund på Løvsøya og kanskje finn av og til vegen til Bedehuset eller til gudstenesta, men så vil det kome ei periode der vegen dykkar vil føre dokke borte frå øya i korta eller lengre periodar og nokon vil kanskje aldri flytte tilbake til Lepsøy. Vegen dykkar kjem til å føre dokke til mange vegkryss. Det vil kome mange avgjersler som dokke vil bli nød til å ta. Kva slags veg skal dokke gå? Kva skal dokke utdanne dokke til? Skal dokke bli med på denne festen? Kva skal dokke prøve ut i livet dykkar? Skal dokke røyke eller drikke alkohol eller skal dokke la være? Kven skal dokke gifte dokke med? kor skal dokke busette dokke?

Vegen har mange kryss og det er mange avgjerdsler dokke må og ofte er vanskeleg å vite kva som er rett og kva som er galt? Og ofte er det som er verkeleg galt det å ikkje avgjer noko. Det er dokke som må gå vegen dykkar. Det er ikkje vennene dykkar, ikkje foreldrene, ikkje lærerne og ikkje presten. Vi kan ikkje lengre ta avgjerdsler for dokke, vi kan ikkje går vegen for dokke. Vi må går vår egen veg, men vi kan prøve å være vegvisar for dokke, vi kan prøve å gi dokke gode råd. Vi kan ikkje tvinge dokke til å lytte på dei, men dokke skal vite at vi er der nor dokke treng råd eller berre ha lyst til å høre ei anna meining. Det finnes ingen dumme spørsmål, dum er berre den som ikkje spør.

Då dokke ble presentert som konfirmanter i fjor fikk dokke en bibel. Denne boka kan være eit vegkart. Den forteljar om mange situasjonar som menneske og gud har opplevd.  Og eit råd frå meg er : Bruk den. Bruk den i alle fall når du stor framom eit stort kryss på livsvegen din. Den tyske matematikaren Reihard Høppner sa en gong: Det er vanskeleg å leve livet sitt bare med bibelen, men det er nesten umogleg å leve det uten den.

Med bibelen har dokke fått eit vegkart. I dag skal dokke få eit kompass. Lyse som dokke vil få skal minne dokke på han som er verdsens lys: Jesus Kristus.

"Eg er ljoset for verda. Den som fylgjer meg, skal ikkje ferdast i mørkret, men ha livsens ljos."

 

På dette ljoset og på salmearka er det tre symboler:

Dua som st år for den heilage ande som dokke har fått i dåpen og som skal gi dokke dei riktige tankane i kvardagen, vis dokke klarer å lytte på han.

Kalken, nattverdkalken står for det kristne fellesskapet som dokke er en del av. Den står for fellesskapet mellom Jesus og menneskene og fellesskapet blant dei truande.

Korstet står for Jesus Kristus og det han gjorde for oss. Det står brua Jesus bygget på livsvegen vår, brua, som fører oss til gud.

 

Ta lysene med dokke, ta vare på dei. Den lønner seg og tenne den igjen og lese i bibelen når dokke skal ta en avgjerdsle. Ta lysene med dokke og ber dei ut i verda, slik at dokke kan bli ljos for verda: (Matt 5:14-16 )  De er ljoset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje døljast.  [15] Ingen kveikjer eit ljos og set det under eit kar, men i staken; då lyser det for alle i huset.  [16] Såleis skal ljoset dykkar lysa for folk, så dei kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Far dykkar i himmelen!

 

Men vær ikkje redde når dokke ein gong snublar på vegen. Gud vår far ventar alltid på dokke med opne armar.

Eg skal slutte med to ord det eine fikk Nelson Mandela frå presten sin då han var ung:

En helgen er en synder som alltid prøver sitt beste.

 

Det andre ordet er frå Paulus:

Kol 2:2

Det eg ynskjer for dei, er at dei må få nytt mot, verta knytte saman i kjærleik og nå fram til heile rikdomen av overtyding og skjøn, så dei kan fatta Guds løyndom, som er Kristus.

Amen