L: Jesus ber
Mark 14:32-36
Då dei kom til ein stad som heiter Getsemane, sa Jesus til læresveinane: "Sit her medan eg bed!" [33] Så tok han med seg Peter, Jakob og Johannes. Han vart gripen av angst og gru [34] og sa til dei: "Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak!" [35] Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg til jorda og bad at han måtte verta spart for denne timen, om det var råd. [36] "Abba, Far!" sa han. "Alt er mogeleg for deg. Ta denne skåla frå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil."
L: Medan Jesus ber i si største naud og gir seg heilt og fullt over i Guds hand, skulle læresveinane ha vore vakne saman med han. Da han kom tilbake til dei, hadde dei sovna.
Vi skal ikkje sove i dag. Vi skal prøve å fylgje Jesus på Via dolorosa, smertenes veg. Vi skal stoppe ved 14 stasjonar og tenkje på kva Jesus har gjort for alle menneske. Etter kvar stasjon skal vi be Herren om å miskunne oss. Vi skal syngja Kyrie, Kyrie eleison ; Kyrie, Kyrie eleison. Men før vi går på vegen, skal vi minne oss sjølve på at vi må halde oss vakne. Eg skal synge det første verst på tysk, slik som det står i Salmer 97, og så skal vi alle synge det andre verset på nynorsk.
Bleibet hier und wachet mit mir.
Wachet und betet,
wachet und betet.
Ver her og vak med meg.
Vak og be,
vak og be.
L: Jesus blir dømt til døden
Matt 27:1-2
Då det vart morgon, møttest alle overprestane og dei eldste i folket og samdest om at Jesus laut døy. [2] Dei batt han, førte han bort og gav han over til landshovdingen Pilatus.
Matt 27:23-26
"Kva vondt har han gjort?" spurde han. Men dei ropa berre endå høgare: "Krossfest han!" [24] Då Pilatus såg at han ingen ting kunne gjera, og at ståket vart verre, tok han vatn, vaska hendene medan folket såg på og sa: "Eg har inga skuld i blodet åt denne mannen. Dette lyt de svara for." [25] Og alt folket svara: "Lat blodet hans koma over oss og borna våre."
[26] Då gav han dei Barabbas fri, men han lét Jesus verta piska og gav han over til krossfesting.
L: Jesus blir dømt. Pilatus tør ikkje å gå imot folkets vilje. Han frykta at han ville miste stillinga si som landshovding dersom han ikkje dømer Jesus. Men han finn heller ikkje noko skuld hos denne mannen. Pilatus vaskar hendene sine, og så avseier han dødsdommen.
:Vi tenkjer på alle menneske, som blir baktalt, dømt urettferdig og urettmessig, som blir mobba og plaga…
Stille
Kyrie Kyrie Eleison.
Kyrie Kyrie Eleison.
L: Jesus blir tyngd under krossen
Joh 19:16-17
Då gav han Jesus over til dei, så han skulle krossfestast.
[17] Så tok dei Jesus med seg. Han bar sjølv krossen sin og gjekk ut til den staden dei kallar Hovudskallen, på hebraisk Golgata.
L: Døyparen Johannes sa om Jesus: "Sjå, der er Guds lam, som bærer verdens synd." No gir Pilatus Jesus over til folket så dei kan korsfeste han. Soldatane legg den tunge krossen på skuldrene hans. Så fører dei Jesus mot den staden som blir kalla Golgata.
Vi tenkjer på våre sysken som vert forfylgde for si trus skuld og på andre menneske som må bære tunge byrder i livet sitt: sjukdom, handikap, vanskelege familiesituasjonar, arbeidsløyse, konfliktar ved arbeidsplassen …
Stille
Kyrie Kyrie Eleison.
Kyrie Kyrie Eleison.
L: Jesus segner om første gang
Mark 15:20
Og då dei hadde drive gjøn med han, tok dei av han purpurkappa og hadde på han hans eigne klede.
Så førte dei Jesus ut og skulle krossfesta han.
L: Evangelistane fortel ikkje noko om at Jesus fell om, men vi har grunn til å tru at det skjedde. Krossen er svært tung å bære, og stokkeslaga har gjort han svak og medteken. Jesus snublar ….
Vi tenkjer på alle menneske som har lidd nederlag i livet sitt og som skammar seg over det…
Stille
Kyrie Kyrie Eleison.
Kyrie Kyrie Eleison.
L: Jesus møter mor si
Luk 2:34-35
Og Simeon velsigna dei og sa til Maria, mor hans: "Sjå, han er sett til fall og oppreising for mange i Israel, og til eit teikn som vert motsagt. [35] Såleis skal dei tankar mange hyser i hjarta, koma fram i dagen. Men gjennom di sjel skal det òg gå eit sverd."
L: Nå møter Jesus Maria, mor si. Ho har fylgt med Jesus på denne tunge vegen til Golgata. Nokon vart fylt av angst og flykta. Men Maria er trufast ved hans side. Da Jesus var med i tempelet fyrste gang, hadde Simon, ein god og gudfryktig mann, sagt at Maria ein dag skulle få ei stor sorg: " gjennom di sjel skal det gå eit sverd". No skjer det.
Vi tenkjer på alle menneska som må sjå korleis ein av sine kjære har det vondt og som føler seg hjelpelaus.
Stille
Kyrie Kyrie Eleison.
Kyrie Kyrie Eleison.
L: Simon frå Kyrene
Matt 27:32
På vegen møtte dei ein mann frå Kyréne, som heitte Simon; honom tvinga dei til å bera krossen hans.
L: Simon frå Kyrene heitte ein mann. Han vert tvinga til å hjelpe Jesus med å bære krossen. Jesus ville ikkje ha klart å bære det heile vegen åleine. Paulus skriv seinare: (Gal 6:2 ) Ber børene for kvarandre, og oppfyll på den måten Kristi lov.
Vi tenkjer på alle, som slik som Simon , meir eller mindre frivillig hjelper andre…, vi tenkjer særskilt på dei som er døyande.
Stille
Kyrie Kyrie Eleison.
Kyrie Kyrie Eleison.
L: Veronika tørker Jesu ansikt
Matt 5:7-8
Sæle dei miskunnsame,
dei skal få miskunn.
[8] Sæle dei som er reine i hjarta,
dei skal sjå Gud.
L: I den store folkemengda som fylgde Jesus på vegen til Golgata, var det mange kvinner. Ei legende fortel om ei av disse kvinnene, Veronika. Ho syntes så synd på Jesus. Ho går bort til han, og varsamt tørkar ho vekk blodet som renn nedover ansiktet hans. Det blir fortalt at det vart eit avtrykk av ansiktet hans på linduken.
Vi tenkjer på alle som ikkje spring bort frå sin nestes naud, men som hjelpe han med det dei har , og på denne måten finn guds ansikt…
L: Jesus segner om andre gong
Salme 35:16
Fråfalne som dei er,
spottar og hånar dei,
dei skjer tenner mot meg.
L: Jesus er utmatta. Etter gamle tradisjonar segner han enda ein gong om under den tunge krossen. Kroppen hans verker. Men ikkje berre det. Han vert også tyngd av menneska sine synder og vondskap.
Vi tenkjer på alle som ikkje har respekt for noko og på dei som spottar andre og gler seg over andre sin veikskap…
Stille
Kyrie Kyrie Eleison.
Kyrie Kyrie Eleison.
L: Dei gråtande kvinnene
Luk 23:27-28
Ein stor folkehop fylgde med; mellom dei var det mange kvinner som jamra og gret over han. [28] Men Jesus snudde seg til dei og sa: "Jerusalems døtrer! Gråt ikkje over meg, men gråt over dykk sjølve og borna dykkar.
L: Jesus går vidare til Golgata. Kvinnene som følgjer han på vegen, gret og syrgjer. Men Jesus ber om at dei ikkje må gråte for hans skuld, men heller gråte over sine born. For i nær framtid skal landet og folket bli ramma av ei stor ulykke: Romarane skal jamne Jerusalem med jorda, og mange jødar skal kome til å miste livet.
Vi tenkjer på alle born, kvinner og menn, som må leve i eit land som lid under krig og terror …
Stille
Kyrie Kyrie Eleison.
Kyrie Kyrie Eleison.
L: Jesus segner om for tredje gang
Salem 31:12
Som ein død er eg gløymd og ute or tankar,
eg er som eit sundslege kjerald.
L: Før Jesus når fram til Golgata, segner han i følgje tradisjonen om for tredje gang. Dette er niande stasjonen på "Via Crusis", veg til krossen. Jesus blir audmjuka og håna. Snart skal han også døy, for menneska si skyld, for alle som skal bli frelst.
Vi tenkjer på alle som er depressive og alle som føler seg forlate av familien, slektningane, naboar og venner.
Stille
Kyrie Kyrie Eleison.
Kyrie Kyrie Eleison.
L: Jesus blir avkledd
Salme 22:18
Dei skifter kleda mine mellom seg
og kastar lodd om kappa mi.
L: Jesus kommer nå fram til Golgata, den vesle steinete høgda som blir kalla hovudskallen. Der tek soldatane av han klednaden og deler den mellom seg. Han hadde ein kjortel som var helt utan saumar, vevd i eit tøystykke frå halsen og ned. Denne trakk dei lodd om.
Vi tenkjer på alle som har blitt offer av indiskresjon og nysgjerrigheit og alle dei som er så uforskamma at dei blottstille andre.
Stille
Kyrie Kyrie Eleison.
Kyrie Kyrie Eleison.
L: Jesus blir nagla til krossen
Luk 23:33-34
Og då dei kom til den staden som heiter Hovudskallen, krossfeste dei både han og brotsmennene, den eine på høgre sida hans, og den andre på venstre. [34] Men Jesus sa: "Far, tilgjev dei, for dei veit ikkje kva dei gjer." Så kasta dei lodd om kleda hans og delte dei mellom seg.
L: På Golgata blir Jesus nagla til krossen, og krossen blir reist. Han blir krossfesta saman med to røvarar, ein på høgre og ein på venstre side. Over hovudet hans står innskrive anklaga mot han. INRI Jesus Nazarenus Rex Juadorum, Jesus frå Nasaret, jødenes konge. Jesus heng på krossen frå den tredje til den niande timen. Mykje folk er samla. Dei gjer narr av han og håner han. Men Jesus vil ikkje hemne seg. Han vil heller tilgi.
Vi tenkjer på alle som har Jesus som forbilde om å tilgi fiendane sine og alle dei som manglar krefter til tilgiving.
Stille
Kyrie Kyrie Eleison.
Kyrie Kyrie Eleison.
L: Jesus døyr
Mark 15:34-37
Ikring den niande timen ropa Jesus med høg røyst: "Eloï, Eloï, lamá sabaktáni?" Det tyder: "Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?" [35] Nokre av dei som stod der, høyrde det og sa: "Høyr, han ropar på Elia." [36] Då sprang det ein fram og fylte ein svamp med eddikkvin, sette han på ei stong og ville la Jesus få drikka. "Lat oss sjå," sa han, "om Elia kjem og tek han ned." [37] Men Jesus ropa høgt og anda ut.
L: I timane på krossen kjemper Jesus ein tung og pinefull dødskamp. Ved den sjette timen senkar det seg eit tett mørker over landet. Då ropa Jesus ut med høg røyst: "Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?". Men til slutt sa han: "Far, i dine hender gjev eg mi ånd!". No er det slutt. Jesus døydde. I det same rista jorda, og store steinar vart sprengt sund. Johannes fortel at i den same timen blir påskelamma slakta i tempelet. Men Jesus er sjølv Guds lam som ber verdens synd.
Vi står framfor krossen og tenkjer på all naud og liding i denne verda, på alle smerter og tårer, all vondskap og likesæle, alle offer og alle gjerningsmenn … Alt ligg i Jesu skrik før han døyr. Og vi trur på krafta av guds kjærleik, som klarer å gjere alt friskt.
Stille
Kyrie Kyrie Eleison.
Kyrie Kyrie Eleison
L: Jesus blir tatt ned av krossen
Joh 19:38
Josef frå Arimatea bad no Pilatus om lov til å ta ned Jesu lekam. Josef var ein av læresveinane til Jesus, men i løynd, av di han var redd jødane. Pilatus gav han lov til det, og han kom og tok ned lekamen.
L:Jesu lekam blir nå teken ned frå krossen. Maria, Jesu mor er også der. Ho syrgjer og tek han i armane sine.
Vi tenkjer på alle menneske som har vanskeleg å halde fast på trua og overtydinga si, men som prøver å være trufast…
Stille
Kyrie Kyrie Eleison.
Kyrie Kyrie Eleison
L: Jesus blir gravlagt
Joh 19:39-42
Nikodemus òg var der, han som fyrste gongen var komen til Jesus om natta. Han hadde med seg ei blanding av myrra og aloe, ikring hundre pund. [40] Då tok dei Jesu lekam og sveipte han i linklede med den angande salven, som skikken var hjå jødane når nokon skulle gravleggast. [41] På den staden Jesus vart krossfest, var det ein hage, og i hagen ei ny grav, som ingen endå var lagd i. [42] Der la dei Jesus, fordi det var helgeaftan hjå jødane og grava låg så nær.
L: Jesus skal no bli lagd i grava. Josef frå Arimatea sveiper han i eit linklede med velluktande oljer. Han får hjelp av Nikodemus, ein mann som tidlegare hadde oppsøkt Jesus i all løyndom om natta.
Jødane fryktar for at læresveinane skulle røve Jesu lekam. Derfor ber dei Pilatus om å sikre grava. Den blir stengt med ein stor stein og vaktmenn blir sett til å passe på.
Vi tenkjer på alle, som står framfor gravene til sine kjære - med eit såra hjarte og mange opne spørsmål…
Stille
Kyrie Kyrie Eleison.
Kyrie Kyrie Eleison