Preiketekst: Joh 20:1-10

Tidleg om morgonen fyrste dagen i veka, medan det endå var mørkt, kom Maria Magdalena

til grava. Då fekk ho sjå at steinen var teken bort frå grava. Ho sprang av stad og kom til Simon Peter og den andre læresveinen, han som Jesus hadde kjær, og sa til dei: "Dei har teke Herren ut or grava, og vi veit ikkje kvar dei har lagt han." Då tok dei ut, både Peter og den andre læresveinen, og gav seg på veg til grava. Dei sprang saman, men den andre læresveinen sprang snøggare enn Peter og kom fyrst til grava. Han bøygde seg inn og såg linkleda liggja der, men han gjekk ikkje inn i grava. Simon Peter fylgde etter, og han gjekk inn. Han såg linkleda som låg der, og kledet som Jesus hadde hatt over hovudet. Det låg ikkje saman med linkleda, men ihoprulla på ein stad for seg. Då gjekk den andre læresveinen òg inn, han som var komen fyrst til grava. Og han såg og trudde. For endå hadde dei ikkje skjøna det Skrifta seier, at han skulle stå opp frå dei døde. Så gjekk læresveinane heim.

 

 

Måndagen er søndagen for presten, derfor var eg heime nå på siste søndag. Frå prestegarden såg eg ut i regnværet. Preika til første påskedag var ennå ikkje ferdig. Eg sat der og tenkte: Er påske fortsett relevant for dei som bur her. Kva er påske for dei? Er det påskefjellet, påskeskinke og påskekrimen? Kva hadde skjedd vis vi ikkje hadde gudsteneste på søndag?

På fjernsynet viste dei en spørjeundersøking: Kva feirar oss til påske?  Svar var sjokkerande: Byrjinga av våren, okse og esel ved krubba gleder seg over Jesusbarnet, høns begynnar å leggje egg igjen,  Jesu dåp …

Inntrykket eg fikk var at utan "The passion of the Christ" hadde vel nesten ingen komet på Jesu oppstode?

Til påske feirar vi at Jesus Kristus som feira nattverd med læresveinane sine på skjærtorsdag, som lidd og som døde en bestialsk død på langfredag, som var død på laurdag, stod opp igjen frå dei døde. Påske, Jesu oppstode, det er det den kristne trua handlar om. Men er dette relevant for oss i dag, har ikkje dette skjedd for sååå lenge sidan?

Eg såg ut i regnværet. Nede ved hovudvegen var det nokon byggemaskin. Kanskje skulle dei endeleg gjer noko med hyllane i vegen. Men dei stoppa ikkje der, der hyllane er verst. Dei stoppa ikkje ved vegen opp til byggefeltet.  Dei stoppa ved eit rødt hus, rett ved sidan av bensinstasjonen. Etterkvart fikk eg med meg kva dei gjorde der nede: Dei begynte med å rive huset.

Huset har stod tomt i heile den tida eg har bod her på øya, men eg veit at den  har vært eit dypt sår for menneskene her på øya. Eg har fått en aning av kva som skjedde i dette røde huset. Eg veit at ein heil familie med tre bar som budde der ble sletta ut i dette huset.

Eg går ned til huset. I vegkanten står det born. Nokon av dei har kanskje mista en venn i dette huset. Eg følar meg einsamt der i vegkanten. Ein frå byggefolket kjenner meg igjen og gir meg eit kort som dei fant inne i huset. Eit kort frå ein familie til sin kjære far.

Og på søndag skal det være påske, festen for den første som stod opp frå dei døde.

Påske er håpet sitt fest. Vi feirar at Jesus stod opp frå dei døde. Dette i seg sjølv er kanskje ikkje så veldig relevant. Men Jesus skal ikkje forbli den en einaste som stod opp. Han er bare den første som har stod opp att:

 

Joh 14:2

I huset åt Far min er det mange rom. Var det ikkje så, hadde eg sagt dykk det. For eg går bort og vil stella til ein stad åt dykk.

 

På den siste skal alle sto opp at og alle, som er gjort rettferdig gjennom hans blod og legeme, skal han føre til det evige livet.

Mens eg stod der i vegkanten ble eg glad for at blir påske n å og at dei rev dette huset nå. Korleis skulle takle det som skjedde i dette huset utan det håpet som vi fikk i påsken? Korleis skulle vi overleve alt det vonde som skjer i verda utan å bli likegyldig? Kva hadde livet vårt vært utan påske, utan Jesu oppstode?

E såg en betongplate ved det nedrivne huset, en betongplate med små fotspor inni. Ute i vegkanten, framom dette huset som nå er rive, har påske i alle fall for meg fått ein heilt ny relevans, ein heilt ny meining.

Og sjølv om hallelujaen blir lit dempa. Kristus er oppstanden han er sanneleg oppstanden. Dette er real, dette har skjedd, dette er eit håp som holder.