Andakt til 1. søndag etter påske - 18. april 2004

Preiketekst: Joh 21:1-14

Sidan openberra Jesus seg endå ein gong for læresveinane; det var ved Tiberias-sjøen, og gjekk såleis til: Simon Peter, Tomas, som vart kalla Tvillingen, Natanael frå Kana i Galilea, Sebedeus- sønene og to andre av læresveinane hans var i lag der. Simon Peter seier til dei andre: "Eg vil av og fiska." "Vi går med, vi òg," sa dei. Så gjekk dei av stad og steig i båten; men den natta fekk dei ikkje noko.

 

Då det tok til å dagast, stod Jesus på stranda, men læresveinane visste ikkje at det var han. Jesus sa til dei: "De har vel ikkje noko fisk, born?" "Nei," svara dei. "Kast nota på høgre sida av båten, så får de fisk," sa han. Dei kasta nota, og då greidde dei ikkje å dra henne opp, så mykje fisk hadde dei fått. Den læresveinen som Jesus hadde kjær, sa til Peter: "Det er Herren." Då Simon Peter høyrde at det var Herren, batt han kappa om seg - den hadde han teke av - og hoppa i sjøen. Dei andre læresveinane kom med båten og drog nota med fisken etter seg. Dei var ikkje langt frå land, berre to hundre alner om lag.

Då dei kom i land, fekk dei sjå ein glohaug der med fisk på og brød. "Kom hit med noko av den fisken de fekk," sa Jesus til dei. Simon Peter gjekk då ut i båten og drog nota på land. Ho var full av store fiskar, eit hundre og femtitre i alt. Men endå det var så mange, rivna ikkje nota. Jesus sa til dei: "Kom og få mat!" Ingen av læresveinane våga å spørja han: "Kven er du?" Dei visste at det var Herren. Då gjekk Jesus fram, tok brødet og gav dei, og like eins fisken. Dette var tredje gongen Jesus openberra seg for læresveinane etter at han hadde stått opp frå dei døde.

 

Då dagane byrja å bli lengre igjen, ein laurdag i mars, var det ein fiskar på Haramsøy som tok meg med ut på havet. Har du sett kor flotte Nordøyane er frå sjøsida? Det er vanskeleg å fortelje, det må ein berre sjå sjølv.

Fiskaren hadde sett kursen mot ein fiskeplass  utanfor Haramsøya og dit gikk turen. Der  var  det ein del torsk og litt hyse i nota.

Men tenk deg at vi ikkje hadde fått noko, tenk deg at nota hadde vært tom. Og tenk deg at eg hadde sagt til fiskaren at han skulle dra til ein plass der han aldri har vore før berre nokre  få meter frå øya og at han skulle sette ut nota der – utan all kunnskap og ekkolodd. Dersom  han ikkje hadde vært ein så snill og roleg kar, som han faktisk er , hadde han kanskje kasta meg i sjøen.

Simon Peter, som igjen prøver seg i yrket sitt som fiskar, våger noko: Han kasta nøtene  før han veit kven han har med seg i båten.

Det er ikkje læresveinane som kjenner att Jesus. Han gjer seg kjent. Han etterlet læresveinane ikkje som desillusjonerte, foreldrelause born.  Jesus styrker dei, både kroppen og sjela. Jesus gjer seg kjent blant anna ved maten. I dag er vår oppgave å forkynne Jesus og det er ikkje berre prestar som har ansvar for dette. Nå skal ikkje alle skrive andakt i Haramsnytt eller klatre opp på preikestolen, det finnes ein mykje enklare måtar å gjere dette på:

Franz av Assisi sa ein gong: Dokke skal forkynne evangeliet, om nødvendig med ord. Og Jesus sjølv seier: "Sanneleg, det seier eg dykk: Det de gjorde mot ein av desse minste brørne mine, det gjorde de mot meg." (Matt 25:40 )

Kanskje kan  nettopp denne helga vere eit høve  til å bake brød, steikje fisk og be nokon redde, kanskje slitne og desillusjonerte læresveinar på god mat? Jesus gjorde seg kjent for læresveinane ved maten. Det kan han også gjere i dag, men han treng oss, våre hender og tunger.

 

Ha en god søndag.

 

Michael Hoffmann,

sokneprest i Haram (Øyane)