Preiketekst: Joh 21:15-19

Då dei hadde halde måltid, sa Jesus til Simon Peter: "Simon Johannesson, elskar du meg meir enn desse?" "Ja, Herre," svara han, "du veit at eg held av deg." Jesus seier til han: "Fød lamma mine!" Og han seier til han andre gongen: "Simon Johannesson, elskar du meg?"

"Ja, Herre," svara Peter, "du veit at eg held av deg." Jesus seier til han: "Gjæt sauene mine!" Så seier han tredje gongen: "Simon Johannesson, held du av meg?" Peter tykte det var leitt at Jesus tredje gongen spurde: "Held du av meg?" Og han svara: "Herre, du veit alt; du veit at eg held av deg." Jesus seier til han: "Fød sauene mine! Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Då du var ung, batt du sjølv beltet om deg og gjekk dit du ville. Men når du vert gamal, skal du retta ut hendene, og ein annan skal binda beltet om deg og føra deg dit du ikkje vil." Det sa han for å syna kva slag død han skulle æra Gud med. Då han hadde sagt dette, sa han til Peter: "Fylg meg!"

 

Nok er nok! NOK er nok! Nok er NOK! På skjærtorsdag Peter nekta Peter tre gongar at han var kjent med Jesus. Nå spør Jesus han tre gongar om han vil passe på læresveinane hans?

Peter sin fornekting på skjærtorsdag har målt med alle menneskelege målestokk diskvalifisert han for eit sånt verv.  Heile tida måtte Jesus passe på han Peter. Og nå, med ein gong skal Peter får ansvaret for læresveinane hans. Nok er nok etter alle menneskelege målestokk. Nok er nok målt med våre målestokk. Men Gud har en anna målestokk. Nok er ikkje nok hos Gud. Sjølv om vi sviktar og snublar nok så mange gongar, er vi likevel verdifulle for Gud og det kan hende han har en oppgåve for kvar og ein av oss, slik som han hadde det for Peter.

"Fød lamma mine!" - Pass på dei minste og svakaste! -

"Gjæt sauene mine!" - Lei dei på rett veg!

"Fød sauene mine!" - Gi dei mat!

Disse oppfordringane har Jesus til Peter, eller meir korrekt: Simon Johannesson, for ennå er han ikkje kyrkja si hjørnestein.

Jesus omtaler læresveinane sine som sauer. Han snakkar om dei som ein flokk som lever i lag. Bildet av saueflokken er ikkje det best likte i vår tid. Mange seier: "Nok er nok! Eg ønskjer ikkje å være del av en stor flokk og eg trenger heller ingen hyrding! Eg kan passe på meg sjølv. Vis eg skal være noko, då skal EG være hyrding"

Men klarer vi verkeleg å passe på oss sjølve? Kor mykje galt skjer fordi vi lever etter våre premisser og ikkje etter Guds? Kor mykje skjer fordi vi nektar å la oss leie på den rette, på guds veg? Kor mykje vondt skjer fordi alt for mange ønskjer å være hyrding og alt for få liker seg som sau?

Da eg ble ordinert lovde eg at eg trufast rettleiar og formanar til sann omvending, levande tru på Kristus og eit heilagt liv i kjærleik til gud og nesten.

Det ble sagt: 1 Pet 5:2

Ver hyrdingar for den Guds hjord som er hjå dykk! Ha tilsyn med henne, ikkje av tvang, men av fri vilje, så som Gud vil, ikkje for vinning skuld, men med ein viljug hug.

 

Men trur dokke kor vanskeleg det kan være å være hyrding for en saueflokk der en del sauer ønskjer å være hyrdingar? Hyrdingar for heile eller i det minste delar av flokken? Jesus snakker berre om ein saueflokk og ikkje om ein kyrkje- og ein bedehussaueflokk, han snakkar ikkje om Lepsøy saueflokken, Haramsøy saueflokken og Longva saueflokken, han snakkar om sauane sine.

Av og til føler eg då at eg skulle seie: NOK er NOK. Men Nok er ikkje nok hos gud. Alle som ble døypt i namnet åt faderen og sonen og den heilage Ande har gud som far. Vi er søsken i Kristus. Venner kan ein velge men søsken får ein. Vildsauer som lever på eit område kan ikkje vele kven dei vil leve i lag med, men likevel  lever dei ikkje kvar for seg. Dei lever som flokk. Dei passer på kvarandre og lever i lag. Sikkert ikkje alle likeglad i kvarandre men dei lever i lag.  Dei lever i lag og dei lever som sauer.

Vi er søsken i Kristus og skal leve i lag. Vi trenger hyrdingar men ikkje alle kan være hyrding. Og hyrdingen skal ikkje knekte sauane sine men leie dei til god beite - med kjærleik, langmod og så mykje frileik som mogleg. Nok er ikkje nok hos gud.