SALME 121

 

Det må være lov til å være litt ettertenksam  og det må være lov til å stille nokre spørsmål på denne dagen i dag, der vi feirar oss sjølv og klager over andre:

 

Eg lyfter mine augo til fjella:

Kvar kjem mi hjelp ifrå?

Kva er vårt fjell ? Kor leiter vi etter hjelp? Er det oljefondet, er det regjeringa eller kven er det?

Kva slags hjelp ventar vi på? Trenger vi berre pengar eller er vi førebud på at nokon hjelper oss?

 

Mi hjelp kjem frå Herren,

han som skapte himmel og jord.

Våger vi å stole på Herren eller stoler vi meir på oss sjølv? Er det vi som har skapt dette landet med all sin rikdom eller er det han?

 

Han lèt ikkje foten din vera ustø,

din vaktar blundar ikkje.

Eg veit ikkje korleis du svarar på alle dess spørsmål, men eg veit at gud er med dette landet, han er med oss vegen og med kva enkelt av oss. Men er du på veg eller skal helst alt forbli slik som det var?

 

Nei, han blundar ikkje og søv ikkje,

Israels vaktar.

Mistenkjer vi gud for å sove i vår barbariske tid? Sovar han i all krig, svolt og bråk? Eller er han våken for å vise folk den rette vegen? Og dei kanskje blind og ser ikkje den?

 

Herren er din vaktar,

Herren er din skugge,

han er ved di høgre hand.

Han er oss nær, han er med oss uansett om vi liker det eller ikkje. Vi er døypte, vi er hans barn og han passer på oss, om vi liker det eller ikkje, om vi legger merke til det elle ikkje?

 

Sola skal ikkje stikka deg om dagen

og månen ikkje skada deg om natta.

Ingenting skal skade deg, viss alt skjer etter guds vilje skal du berre ha det bra. Men skjer alt i denne verda etter guds vilje? Kor ofte er det menneske presser viljen sin fram, kor ofte presser eg viljen min fram?

 

Herren skal vara deg frå alt vondt

og verna om ditt liv.

Det var ikkje  vi sjølv som har gitt oss livet. Vi har fått det med han og han skal ta vare på det. Kva er livet vårt? Er det å vakne kvar morgon? Er det, det å oppleve så mykje som mogleg? Er livet meir enn dei dagane vi har her på jorda?

 

Herren skal vara din utgang

og din inngang

frå no og til evig tid.

Dette orde brukar vi i dåpen: Guds omsorg gjeld frå byrjinga til slutten. Uansett om du prøver å rømme frå  gud, han er med deg: i går, i dag , i morgon og alle dagar. Han er med oss og han skal ta vare på oss.

 

 

Og LYD han har gitt oss dette fantastiske landet, med fjord og fjell, sjøen og marka, fossane og oljen.

Vi har meir en nokk grunn til å takke han for det:

 

Takk for dette landet

Vi takker deg, Herre,  for landet du gav oss,

for heimane våre, for framtid og fred.

Vi takkar for alle dei lysa du tende,

for sola som aldri går ned.

 

Vi takkar for kvitveis,

for engkarseenga med løvetann i.

V takkar for livet, for alt det som  lever,

for fridom til æveleg tid.

 

Vi takkar for graset som voggar i vinden,

for rgnet som væter og varmar vår jord.

Vi takkar for krossen i flagget vårt, Herre,

for alle som gav oss ditt ord.

 

Vi takkar for våren sin song over landet,

for grønkledde lier, og snødekte fjell.

V takkar for vona som aldri skal visna,,

for lys når vår dag går mot kveld.

 

Vi takkar for borna, for Noreg si framtid,

for unge som går der du viser dei veg.

Vi takkar deg Herre, for landet du gav oss,

vi takkar og lovprisar deg