Jesus sa: Elskar de meg, så held de boda mine. Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger.

Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk. Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.

 

Dagen i dag er første pinsedag og difor har eg raud stola på meg. Raud- er Anden sin og martyriet sitt farge, som står for ild og for blod. Raud bruker eg nesten berre i pinsen. Men den samme farga har også martyrdagene (hos oss 2. juledag, Stefanusdagen og Olsok/Olavsdagen) og Aposteldagen (6. søndag etter pinse). I det meir tradisjonelle fargespråk er raudt også kjærleiken si farge. Raudt blir også brukt ved høgtider, der kyrkja og kyrkja sine sendeverv på særskilt måte står i sentrum: kyrkjevigsel, vigsling av prestar, kateketer og diakonar, kyrkjejubileum.

 

TELEFON RINGER

 

Unnskyld… Dette var en person som ringer meg ikkje alt for ofte men når ho ringer, då er det vanlegvis noko veldig viktig den ringer for.

 

Men tilbake til preika: Veit dokke kva Pinse er? Pinse (pentekoste) betyr femti, og vi feirer det femti dager etter påske. På pinsedagen i Jerusalem fikk apostlene Den Heilage Ande, synliggjort gjennom ildtunger.

Den Heilage Ånd er symbolisert ved dua eller ved ild. Da Jesus ble døypt av Johannes, kom Guds Ande ned over Jesus som en due. Difor er dåp på en spesiell måte blitt knyta til pinsen.

 

Pinse er då festen til  Den Heilage Ande. Men kven er eigentleg Den Heilage Ande? Den Heilage Ande er en Ande og det gjer at det veldig vanskeleg å gripe fat i han. Men ein gong var også eg konfirmant og det var overhøring og det spørsmålet eg fikk då det var: Kva er Den Heilage Ande? Og det svaret eg gav då var eit bilde: "Den Heilage Ande er på ein måte telefonen som Gud bruker for å snakke med oss." I dag ville eg kanskje har sagt " Den Heilage Ande er på ein måte telefonen som Gud bruker for å snakke med oss."

Og eg trur dette bildet stemmer sjølv om det sjølvsagt ikkje klarer å forklare alt. Den Heilage Ande er ein del av Gud og er difor utanfor tid og rom, mens telefonen er ikkje mykje eldre en hundre år og mobilen ble vel heller ikkje populær for meir en 20 år sidan. Men likevel har mobiltelefonen og den heilage Ande noko ilag: Kommunikasjon. Den Heilage Ande er det, som gud bruker for å få kontakt med oss - når som helst og kor som helst. Gud er ingen død person som berre viser til gamle skrifter. Han er en aktiv Gud som prøver å kommunisere med oss. Kommunisere dette ordet kjem verken frå Haram kommune elle fylkeskommune, det kjem frå det latinske ordet communio som tyder fellesskap. Og det å kommunisere er å skape fellesskap. Og gud er ein gud som ønskjer å skape fellesskap mellom seg sjølv og oss og oss iblant. Og til å skape dette fellesskapet brukar han Den Heilage Ande. Gjennom Den Heilage Ande kan gud kommunisere med. Det kan han gjer på dagtid, på jobben, i skulen, på do, om kvelden eller midt på natta. Den Heilage Ande gjer at vi på ein mote har en mobiltelefon med direkte linje til gud innebygget i hovudet vårt. Ingen mobil som ringer så høgt som min, heller ein med vibrasjon. Og det bruker gud når han vil kommunisere med oss. Han kan sende oss nye tankar, han kan oppmuntre oss, han kan trøyste oss, han stadfeste det som andre har sagt til oss. Gjennom den heilage Ande sørgjer Gud for at vi ikkje er aleine. Men det er slik som med telefonen, det er vi som må ta det. Vi må også vere innstilt på å kommunisere når kommunikasjonen skal lykke. Og det er også lurt  og dobbelt sjekke kven som ringer: Av og til er det nemleg våre eigne tankar eller Guds fiende som prøver å tale som den heilage Ande.

Når gud prøver å kommunisere med oss brukar han ikkje høge tonar. Jesu var heller ikkje den Messias Jødane venta på. Han var ikkje den store mektige kongen som jaget bort romarne med ein gong og en stor hær. Han var mykje stillare. Når gud kommuniserer med oss lager han ikkje mykje bråk og difor er han ofte vanskeleg å høyre  i alt dette som skjer rundt oss, han er stillare en vår eigne tankar og fienden sin røyst og difor er det av og til godt å være stille.

 

STILLE