Preiketekst: Luk 12:13-21

Ein i folkehopen sa til Jesus: "Meister, sei til bror min at han skal skifta arven med meg!" Men Jesus svara: "Ven, kven har sett meg til å døma eller skifta mellom dykk?" Så sa han til dei alle: "Ta dykk i vare for all havesykje! For det er ikkje det du eig, som gjev deg livet, om du har aldri så

mykje."

Og han fortalde dei ei likning: Det var ein gong ein rik mann. Jorda hans hadde bore godt, og han tenkte med seg: "Kva skal eg gjera? Eg har ikkje rom åt grøda mi. Jau, no veit eg det: Eg vil riva ned løene mine og byggja dei større, og der vil eg samla kornet og alt det eg elles eig. Og så vil eg seia til meg sjølv: No har du mykje godt liggjande for mange år. Unn deg ro, et, drikk og ver glad!" Men Gud sa til han: "Du dåre! I denne natt krev dei livet ditt av deg. Kven skal då ha det du har samla?" Såleis går det med den som samlar seg skattar og ikkje er rik i Gud.

 

Noreg er i dag eit velståande Land. Dei aller fleste har mykje meir enn dei treng til å leve. Denne gangen denne garden her var i full drift var det annleis: Dei sleit med å skaffe mat nok til alle munn i huset og det var trongt i stua. Dei hadde ikkje tid ti hobby, dei prøvde å overleve, dei samla opp vatnet i ein sistern.

I dag har vi vanlegvis gud drikkevann som kjem ut av ledinga. Det er god plass i stuene og dei sleit seg i landbruket har blitt mindre. Vi har fritid. Tid som vi kan bruke fritt, til hobbyer, kos og frivillig engasjement . Heldigvis er det også nokre som landbruk som hobby og steller denne gården, slik at vi kan feire gudsteneste her i dag.

Vi har mykje meir enn dei hadde før? Men er vi også mei lykkeleg? Kva er prisen for rikdommen vår og kva nyter den til sist og slutt?

Vi stresser og hastar gjennom livet vårt, vi er på jakt etter pengar og velstand. Men har vi i all jakt ennå tid til å leve?

Den siste skjorta har ingen lommer heiter det, og sant er det. Vi har berre dette eine livet og det skal vi leve!

Å leve livet det er å være til stede her og nå og ikkje ved neste lønnsutbetalinga. Det å leve livet det er meir enn velstand og pengar, det er og være det for gud, det å ikkje la havesykje og pengejakta styre livet vårt, men gud og hans bud:

Luk 10:27

Han svara: "Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv."

 

Det din neste som trenger deg og ikkje banken eller meklaren. Det er borna dine eller foreldrene dine, det er naboen eller ein som er sjuk, det er kyrkjelyden eller grendelaget som trenger ditt engasjement.

 

Og dette gjelder deg. Gjer noko for andre i staden for å jakte etter meir, meir og meir. Jesus gav alt han hadde for oss, for deg og for deg og for deg. Og med dette utfordrar han oss til å engasjere oss til å gi noko av oss sjølv. Han krevjar ikkje noko men han utfordrar oss. Han veit at vi er ikkje perfekte, men han satser på veg til han, på den vegen som han har opna oss. På veg bort frå vår egoisme, bort frå at det er eg sjølv står i sentrum heila tida. Han satser på at vi er veg til det evige livet, på veg til han: Matt 25:40

"Sanneleg, det seier eg dykk: Det de gjorde mot ein av desse minste brørne mine, det gjorde de mot meg."

 

Og han ønskjer å styrkje oss på denne vegen og difor feirar vi nattver i dag. Alle er verdig og kanskje er særleg dei som har det vanskeleg på vegen til Jesus som trenger denne styrkinga.