Joh 8,2-11 Tidleg om morgonen dagen etter kom Jesus til templet att. Alt folket samla seg ikring han, og han sette seg og lærte dei. Då kom dei skriftlærde og farisearane med ei kvinne som var gripen i ekteskapsbrot; dei stelte henne fram og sa: "Meister, denne kvinna har dei kome over medan ho gjorde ekteskapsbrot. Moses har sagt oss føre i lova at slike kvinner skal steinast. Kva seier no du?"

Dette sa dei for å setja han på prøve, så dei kunne få noko å klaga han for. Jesus bøygde seg ned og skreiv på jorda med fingeren.

Men då dei heldt fram med å spørja, rette han seg opp og sa: "Den av dykk som er utan synd, kan kasta den fyrste steinen på henne." Så bøygde han seg ned att og skreiv på jorda. Då dei høyrde det, gjekk dei bort, den eine etter den andre, dei eldste fyrst. Til sist var Jesus att åleine med kvinna som stod der. Då rette han seg opp og sa: "Kvar er dei, kvinne? Var det ingen som dømde deg?" "Nei, Herre, ingen," svara ho. Då sa Jesus: "Så dømer ikkje eg deg heller. Gå bort og synda ikkje meir!"

 

Die Liebe des Fischers 

Fiskane flykta under steiner, skyene var i gong,                        Fische huschten unter Steine, Wolken zogen bang,

då fiskaren Erik kom heimatt med sin song.                                     als der junge Fischer Erik heimkam mit Gesang.

Framfor porten venta ein mann, det kunne Erik sjå,                 Vor dem Tor im schwarzen Mantel wartete ein Mann.

dommaren frå fastlandet byrja å snakke nå:                                              ´s war der Richter vom Festland, der sprach Erik an:

"Kona di, Luise, tok dei til meg. Går det an?                       "Deine Frau Luise brachte man mir in der Früh.

Ho brot ekteskapet med ein framand mann.                                                Sie brach die Ehe mit ´nem Fremden. Schande über sie!

Slik skikken er på øya, vill ved første solskinn;                          Nach dem Brauch der Insel wird beim ersten Sonnenschein

kona di blir støytt ned  frå klippen, og i døden inn."                deine Frau vom Fels gestoßen in den Tod hinein."

Heilt fortvilt i demringslyset fekk Erik seg ein sprekk.              Erik sah den Unglücksboten nach im Dämmerlicht.

Gud i himmelen vær oss nådig! O hjarte ikkje knekk!                                 "Gott im Himmel, sei uns gnädig! Herz zerspring mir nicht!"

Opp på klippen var han, etter leggetida seint.                           Als die Dörfler schliefen, stieg er in die Felsenwand.

Tauverk over avgrunn, modig er det spent.                                 Und hat mutig übern Abgrund Seil um Seil gespannt.

Og med  kvister, strå og bregne blir det skikkeleg trygt.           Hat mit Reisig, Stroh und Farnen alles dicht gemacht,

Og til slutt litt høy for at det skal være mjukt.                             Hat am Ende noch als Polster Heu hinaufgebracht.

No, når hanen gjel for første gong                                                               Als die ersten Hähne schrien, stießen Sie sogleich

ned frå klippen støyter dei, men ho fell i Eriks  fang.                                seine Frau vom Fels hinunter. Himmel, fiel sie weich.

Inn i kjærleiken sitt nett som ikkje straffe vil.                              In das Netz der Liebe fiel sie, die nicht Strafe will.

Fiskane leiker under steinen, skyene rører seg stilt.                  Fische spielten unter Steinen. Wolken zogen still.

(von Gerhard Schöne, nach einer Parabel von Werner Bergengruen)

 

 

 

Det er vondt når samlivet mellom to som har elska kvarandre gå i oppløysing.  Ekteskapsbrot er noko vondt. Det er vondt for dei som er utsett for dette og vondt for dei som er berørt av dette: for barn, for foreldre, for venner, naboer og kolleger.

Ekteskapet er eit samliv som baserer på tillit til kvarandre, på det kunne stole på den andre. Tilliten ligg inne i den lovnaden dei har gitt kvarandre den dagen dei gifta seg.

Ei ekteskapsbrot øydelegg denne tilliten. Eit heilt liv ser ut til å gå i oppløysing. Familien og vennekrinsen blir splitta. Og dei som stor rundt? Dei er flinke med å dømme, med å bedømme og med å fordømme. Det er så lett å dømme over andre, men det er vanskeleg å stå inne i ringen, det er tungt å bli fordømt.

Vi er flinke med å dømme: vi har vår dom over politikar, dei rike, kyrkja, naboen vår, barna våre. Vi er flinke med å dømme andre.

Jesus brytar opp dette mønstret.

"Den av dykk som er utan synd, kan kasta den fyrste steinen på henne."

Når vi peiker på eit anna menneske er det ein finger som peiker på det mennesket og tre finger som peiker på oss. Jesus setter fokus ikkje på den som blir fordømt, men på den som dømmer og han setter fokus på eit anna forhold, eit anna samanliv: Samlivet mellom meg eller deg og gud. Gud har skapt kvart mennesket til å leve livet i lag med han. Men heilt sidan det finnes menneskene på jorda, heilt sidan gud har vist seg, heilt sidan gud har oppbart seg for dei, har menneskene svikta han. Menneskene har sett sine eigne behov over alt og har prøvd å ignorere gud. Ein gong gjorde dette gud så sint, at han prøvde å utrydde menneskene. Men han klarte det ikkje.

1 Mos 9:12-15

Og Gud sa:

"Dette er teiknet på pakta eg skipar

mellom meg og dykk

og kvar levande skapning som hjå dykk er,

for ætter som kjem i alle tider:

[13] Eg set bogen min i skyene;

han skal vera eit teikn på pakta

mellom meg og jorda.

[14] Når eg samlar skyer over jorda,

og bogen syner seg i skyene,

[15] då skal eg koma i hug den pakta

som er mellom meg og dykk

og kvar levande skapning.

Aldri meir skal vatnet verta

til ein storflaum som tyner alt liv.

 

"Den av dykk som er utan synd, kan kasta den fyrste steinen på henne."

Synd er avstanden mellom oss og Gud og den er fortsatt stor. Men Gud vil ikkje fordømme menneske han vil forsone oss med seg. Han gav sonen sin for oss og likevel setter vi våre eigne behov over alt og har prøver å ignorere gud. Men han fordømmer oss ikkje, han kastar ikkje steinen på oss. Han tilgir oss slik som fiskaren erik.

 

 

Die Liebe des Fischers

Fiskane flykta under steiner, skyene var i gong,

då fiskaren Erik kom heim med sin song.

Framfor porten venta ein mann, det kunne Erik sjå,             .

dommaren frå fastlandet byrja å snakke nå:

"Kona di, Luise, kom dei med i dag. Går det an?

Ho brot ekteskapet med ein framand mann.

Slik skikken er på øya, vill ved første solskinn;

kona di blir støytt ned  frå klippen, og i døden inn."

Heilt fortvilt i demringslyset fekk Erik seg ein sprekk.           .

Gud i himmelen vær oss nådig! O hjarte ikkje knekk!

Opp på klippen var han, etter leggetida seint.

Tauverk over avgrunn, modig er det spent.

Og med  kvister, strå og bregne blir det skikkeleg trygt.

Og til slutt litt høy for at det skal være mjukt.

No, når hanen gjel for første gong

ned frå klippen støyter dei, men ho fell i Eriks  fang.

Inn i kjærleiken sitt nett som ikkje straffe vil.

Fiskane leiker under steinen, skyene rører seg stilt.

(von Gerhard Schöne, nach einer Parabel von Werner Bergengruen)

 

Gud dømmer oss ikkje han er der nå vi faller inn i avgrunnen, som vår eigensinn har skapt mellom gud og oss. Han dømmer oss ikkje, sjølv om han hadde all rett til å gjere det, han fanger oss opp.

Luk 10:27

"Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv."

Dømm ikkje nesten din! Vi er synder alle som ein, men Jesus har gjort oss rettferdig gjennom si liding og sin død.