Matt 16:13-17

Då Jesus kom til bygdene ved Cæsarea Filippi, spurde han læresveinane sine: "Kven seier folk at Menneskesonen er?"  [14] Dei svara: "Somme seier døyparen Johannes, andre Elia, og atter andre Jeremia eller ein annan av profetane."  [15] "Og de," spurde han, "kven seier de at eg er?"  [16] Då svara Simon Peter: "Du er Messias, den levande Guds Son."  [17] Jesus tok til ords og sa: "Sæl er du, Simon, Jonason. For dette har ikkje kjøt og blod openberra for deg, men Far min i himmelen.

 

Amalie heiter denne lille jenta som nå er ein av guds minste læresveinar. Ho er her i lag med foreldrene, besteforeldrene og oldeforeldrane sine. Og sikkert har dokke også eit foto av oldeforeldrene hinna. Eg har ikkje det, men eg veit at dei levde. Eg veit sånn omtrent kor og når dei levde og kva dei jobba med. Eg har ingen foto, men eg har eit nok så uskarp bildet av dei. Vi lever i eit multimedialt tidsalder, det er viktig å ha eit foto eller ein film for å kunne tro på noko. Vi trenger noko for å lage oss eit bildet.

Også Israel hadde sitt bilete av Gud. Dei visste om at gud hadde send profetar, profetar som sjeldant blei høyrt. Dei visste om at gud hadde valt ut  Israel som folket sitt og at han ville frelse dei.

Og dei hadde laga seg eit bilde, eit bilde av profetane, eit bilde av gud.

Og så kjem Jesus. Gud er blitt menneske. Jesus, Guds son, kjem til jorda. Han er ikkje den store kongen, han er ikkje den store krigsherren dei ventar på. Han gir ikkje mange soldater for de, han gir seg sjølv. Men han passer ikkje inn i det bilete dei har laga seg.

Kven er Jesus? Kven er han for oss? Vi hadde vel ikkje sagt Jeremia eller Elia? Dei var eldre menn, mens Jesus var ein ung mann. Det er lettvint  å manipulere foto, film og bilde. Det er så lettvint å formidle oss eit bildete, det er så lettvint å få oss til å tru noko. Trur dokke at Irak har atomvåpen? Trur dokke at Haram kommune går konkurs? Trur du at ektefellen din er trufast? Trur du at eg er ein terrorist? Trur dokke at USA er den største terroristen i verda?

PAUSE

Har du begynt å tenkje på eit av desse spørsmål? Det er så lettvint å manipulere oss.

Men det er ein som ikkje lar seg manipulere. Jesus er Messias, den levande Guds Son. Han tilpassar seg ikkje bildene vi har. Han forblir den han er: Messias, den levande Guds Son. Han er ein gud som sprenger grensene, grensene mellom det å være menneske og det å være gud. Han sprenger grensene mellom jødane og dei som ikkje høyrer dette folket til. Han er større en menneskene kan fatte. Men i Jesus openberra Gud seg. I Jesus openberra gud seg som ein gud som er med menneskene i sorg og glede, men som likevel er ein gud som ingen menneske kan fatte heilt og fullt. Og ein gud som i alle fall ikkje lar seg manipulere og som ikkje passer inn i bildet VÅRT.

Det er mange som prøver å manipulere oss, men det er ein som fortsatt er den han var vor 2000 år sidan: Jesus, Messias, den levande Guds Son.

Vær forsiktig.