Josva sa til folket: "De maktar ikkje å tena Herren; for han er ein heilag Gud. Han er ein brennhuga Gud, som ikkje ber over med brota og syndene dykkar. Går de bort frå Herren og dyrkar framande gudar, kjem han atter til å føra ulukke over dykk og gjera ende på dykk, kor mykje godt han før har gjort dykk." Folket svara: "Nei! Herren vil vi tena." Då sa Josva til dei: "Så er de vitne mot dykk sjølve at de har valt Herren og vil tena han." Dei svara: "Ja, vi er vitne." Josva sa: "Få då bort dei framande gudane som er hjå dykk, og bøy hjarta til Herren, Israels Gud!" Folket svara: "Herren vår Gud vil vi tena, og hans ord vil vi lyda."

 

Eg veit ikkje om eg kan våge å gå rett til temaet? Eg veit ikkje om dokke treng ei lengre innleiing eller om eg kan konfrontere dokke direkte med teksten? Men eg trur eg må gjer det teksten er nemleg i seg sjølv nok så direkte, nok så rett fram.

 

: "De maktar ikkje å tena Herren; for han er ein heilag Gud. Han er ein brennhuga Gud, som ikkje ber over med brota og syndene dykkar. Går de bort frå Herren og dyrkar framande gudar, kjem han atter til å føra ulukke over dykk og gjera ende på dykk, kor mykje godt han før har gjort dykk."

 

Kva er din Gud? Eller sagt med Luther: Kva henger du hjerte ditt på? Kven tener du? Kva gjer du deg avhengig av?

Er det mobiltelefonen? Er det bilen? Er det pengane? Er det du sjølv?  Er det jobben din?

 

Luk 10:27

Han svara: "Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv."

 

Makter du å tene Herren vår Gud av dit hjarta og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit eller gidder du ikkje?

Herren er ein gud ikkje gir opp eit einaste menneske, og særleg ikkje eit einaste av sine born. Han vil gå med dei og går atter kvart enkelt. Men menneskene vil ikkje gå i lag med gud, dei vil gå på sine egne veger, dei at alt skal forbli slik som det alltid var. Dei vil leve sitt liv om vil dyrke sine eigne gudar.  (VIS GALERIET)

Det at menneske ignorerer han som har skapt dei, gjorde han sint og Gud  blei ein brennhuga Gud, som ikkje ber over med brota og syndene dykkar. Går de bort frå Herren og dyrkar framande gudar, kjem han atter til å føra ulukke over dykk og gjera ende på dykk, kor mykje godt han før har gjort dykk.

Men han vil ikkje være ein sånn gud, han vil være ein god far for barna sine og i dåpen er vi blitt hans barn. Gud ynska å forsone menneskene med seg sjølv. Han blei sjølv menneske og gikk gjennom liding og død for oss.

 

Joh 3:16

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

Men det fortsatt nødvendig, ja det er nødvendig å tru på HAN og ikkje på alle disse smågudane våre. Kor avhengig er du av disse og kor viktig er dei for deg? Dette svaret må du sjølv gi deg kvar einaste dag.

Pass på at ingenting blir til ein gud for deg.

 

: "Få då bort dei framande gudane som er hjå dykk, og bøy hjarta til Herren, Israels Gud!"

AMEN