Jesus sa: Ver ikkje redde dei som drep lekamen, men ikkje kan drepa sjela. Ottast heller han som kan tyna både sjel og lekam i helvete. Sel dei ikkje to sporvar for eit par øre? Men utan han som er Far dykkar, fell ikkje éin av dei til jorda. Ja, kvart håret på hovudet dykkar er talt. Så ver ikkje redde! De er meir enn mange sporvar.

 

Eg har to katolske bestemødre og av og til tipser deg meg om både det eine og det andre. Denne veka fortalde mormora mi at i dag var det Jakobsdagen. i dag. Dagen minner på martyraren Jakob. Nå er fleire Jakob som er mogleg. Jesus hadde t apostlar som hadde namnet Jakob og i tillegg hadde broren hans samme namnet. Den 25. juli er då minnedagen for Jakobus den eldre eller Jakobus sebedeus, broren til Johannes.  Når Jakobus er å sjå på altertavler, blir han vist med kappe, stav og eit muslingskjel.

Jakobus var fiskar og ein av dei første læresveinane som Jesus kalla til å fylgja etter han. Jesus kalla på han og han gikk frå alt som var livet hans. Han gav livet sitt i Jesus hand. Livet hans var sikkert ikkje enkelt frå før av og med at han følgja Jesus blei det heller ikkje enklare. Jesus kalla brørne Jakobus og Johannes ikkje utan grunn for toresonane, men med Jesus skulle dei oppleve nok så mykje: Dei fikk oppleve han på Fjellet med Mose og Elias, dei var med han i Getsemane, dei feira nattverd med han, dei opplevde at blei krossfesta og gravlagd og dei møte den oppstandne Herren. Og han Jesus  sendte dei ut til å bære evangeliet til verdsens ender. Og frå denne utsendingstalen er dagens preiketekst.

Jakobus visste ikkje kva som venta på han då Jesus kalla han til å fylgje etter han. Men han gjorde det Jesus sa. Legender fortel at den enkle fiskaren Jakobus kom så langt som til Spania på forkynnelsesreisene sine. Han var på veg først med Jesus og så for og med Herren. Han tok Jesu ord på alvord og var ikkje redde for å miste livet. Og han skulle bli den første av apostlane som mista livet sitt. Jakobus blei halshugga av Herodes Agrippa, men kongen kunne berre drepe lekamen han og ikkje skjelen. Vi er guds born, vi er i Herrens hender og vi kan aldri falla dypare enn i Herrens hender. Sjølv då Jakobus døde var han altid i Herrens hender:

Eg er oppstoda og livet, seier Herren. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr. Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy.

Joh 11, 25-26

Jakobus var eit menneske som var på veg og symbolet hans muslingsskjelet eller Jakobsskjellet er blitt til eit vegmerke, eit vegmerket for menneske som er på veg. Jakosskjellet er vegmerket for pilegrimsvegen til Santiago de Compostella i spania, plassen der Jakobus blei vel gravlagd til sist og slutt. Jakobsskjellet er eit vegmerke for menneske som er på veg i lag, på veg til ei kyrkje for å møte herren.

Nå er det ikkje sånn at vi er nød til å gå til Santiago, men også vi er på veg i lag på veg til å møte Herren på veg mot guds rike.

Eg har eit bildet til. Desse hendene er tekna for nokre hundre år sidan av den tyske kunstnaren Albrecht Duerer. Det blir sagt at han teikna hendene til mora si. Han brukte hendene til ein gamal og enkelt dame som var nesten ved enden av livsvandringa si som modell. Også Herren vil bruke hendene vår. Han vil bruke dei til å støtte dei som vandrar i lag med oss og han vil bruke dei til heilt konkrete ting: til å hjelpe ein nabo, til å male ein kyrkjevegg, til å stelle eit grav, til å trøyste eit barn…. og slik kunne eg fortsette i fleire timar.

Eg skal ikkje plage dokke med dette og det er heller ikkje sånn at vi kan fortene oss noko hos herren. Men herren har bruk for deg, ingen er for ung eller for gamal, for sterk elle for svak gud har bruk for alle. Han har skapt deg og du duger. Du er meir verdt en tusen sporvar. Du kan bringe evangeliet vidare til menneskene med dine moglegheiter og på din måte. Du er du, skapt av gud og du duger! Du treng ikkje å være redde Herren er med deg i dag og alle dagar og han vil ta vare på og vis du trur også utover dette livet.

 

Musikk gerhard schøne