Preiketekst: Matt 7:21-29

Jesus sa: Ikkje alle som seier til meg: Herre, Herre! skal koma inn i himmelriket, men dei som gjer det Far min i himmelen vil. Den dagen skal mange seia til meg: "Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, og drive ut vonde ånder i ditt namn, og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?" Då skal eg seia dei beint ut: "Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!"

 

Den som høyrer desse orda mine og gjer etter dei, han er lik ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell. Men den som høyrer desse orda mine, og ikkje gjer etter dei, han er lik ein uvitug mann som bygde huset sitt på sand. Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort.

Då Jesus hadde halde denne talen, var folket fulle av undring over læra hans. For han lærte dei med mynde, og ikkje som deira skriftlærde.

 

Nei, dette passar ikkje saman: Han gir seg så fromm og så gjer han dette. Heilt utruleg! Nei dette passar ikkje saman. Er dei all sånn? Dei sei det eine og gjer det andre? Kan då det dei trur på være sant i det heile tatt? Eller sei dei berre det eine og trur det andre?

 

Vi alle er ambassadørar. Vi er ikkje anset i det diplomatiske korpset for kongeriket Noreg, men vi er ambassadørar for Jesus og guds rike. Og ein ambassadør må være truverdig. Den representerer ikkje seg berre sjølv men også den dei er ambassadør for. Og vi alle representerer Jesus her på Jorda vi er hans kropp han legeme. Ein ambassadør er nød til være truverdig. Det er ikkje nok at den berre overlever ord, han må også leve etter dei. Når eit land snakkar om å skape fred og ambassadøren drepar eit anna menneske, trudde du da at dei meinte alvor? Eller når ein ber om bistand for utvikle eit land og så er det berre ambassadøren som blir rikare, hadde du dæ gitt pengane dine til han? Eller, eller …

 

Eg skal ta det mei ei klype salt og fortelje dokke ein liten historie: Ein man som gjaldt for å være ein from man kom til presten og spurde om presten kunne preike ein gong over det 7. bodet fordi han trudde at naboen sin hadde stålet  sykkelen hans. Mannen håpa at tjuven ville angre og levere sykkelen att. Presten sa han kunne nok gjer det, men berre eit bod var lit lite, så han ville gjer det. Neste søndag blei det preike over dei ti bud og ei veke etterpå spurde presten mannen om han hadde fått att sykkelen sin. "Ja, svara mannen. Då du kom til det 6. bodet hugsa eg kor eg hadde sat den frå meg. "

Hadde du stolt på eit sånt menneske?

 

Det er ikkje nok å gjer berre fine ord. Vi er også nød til å lever etter dei. Vi kan ikkje sei det eine og gjer det andre.

Vi er syndarar og ikkje alt vi gjer er rett. Vi er syndarar, vi er skilt frå gud og vi har ingen moglegheit til å fortene oss noko hos gud. Jesus gikk opp på korsset for å slette ut våre brot. Og han gav oss sitt ord. Vi klarer ikkje å leve det heilt å fylt så radikalt som det er, men vi kan prøve det. Men vi skal heller ikkje late som om vi kunne det. Ord og gjerningane våre må passe saman. Vi kan ikkje krevje det frå andre, som vi sjølv ikkje er i stand til. Ord og gjerningane våre må passe saman elles er det ikkje berre vi men også Jesus som ikkje lengre er truverdig. Vi er ambassadørane hans og vi skal representere han  på ei truverdig måte.

Vis vi klarer å leve guds ord truverdig og ord og gjerningane våre passar saman, står trua vår farm som eit  hus som er bygget på eit fjell, det står fram som noko ein kan stole. Når derimot våre ord  og vårt liv ikkje passar saman er også trua vår lite truverdig for folket rundt oss. Den står då fram som eit hus som er byggja på sand.

 

Vi er frelst av guds nåde, av offeret Jesus brakte for oss, men vi har også fått ei utfordring: Å leve etter guds ord og å forkynne det truverdig , med ord og gjerningar. Matt 28:19-20

Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande,  [20] og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står."

 

 

 

Gud med dokke.