SALME 121

 

Det må være lov til å være litt ettertenksam  og det må være lov til å stille nokre spørsmål på denne dagen i dag:

 

Eg lyfter mine augo til fjella:

Kvar kjem mi hjelp ifrå?

 

Kva er vårt fjell ? Kor leiter vi etter hjelp? Er det oljefondet, er det regjeringa eller kven er det?

Kva slags hjelp ventar vi på? Trenger vi berre pengar eller er vi førebud på at nokon hjelper oss?

 

Mi hjelp kjem frå Herren,

han som skapte himmel og jord.

Våger vi å stole på Herren eller stoler vi meir på oss sjølv? Er det vi som har skapt dette landet med all sin rikdom eller er det han?

 

Han lèt ikkje foten din vera ustø,

din vaktar blundar ikkje.

Eg veit ikkje korleis du svarar på alle dess spørsmål, men eg veit at gud er med dokke, han er med oss vegen og med kvar enkelt av oss. Men er du på veg eller skal helst alt forbli slik som det var? Trur du at du er aleine i dag? Dette orde gjeld ikkje berre for denne verda her på jorda men har heit perspektiv utover dette. Ingen som trur, ingen av guds born skal gå fortappt.

 

Nei, han blundar ikkje og søv ikkje,

Israels vaktar.

Mistenkjer vi gud for å sove i vår barbariske tid? Sov gud då han Jarle døde? Sovar han i all krig, svolt og bråk? Eller er han våken for ta vare på oss i dette livet og utover dette livet? Er han kanskje våken for å gå med oss den tunge vegen og for å vise oss den rette vegen? Er det kanskje vi som er blind og ser ikkje Gud og vegen?

 

Herren er din vaktar,

Herren er din skugge,

han er ved di høgre hand.

Han er oss nær, han er med oss uansett om vi liker det eller ikkje. Vi er døypte, vi er hans barn og han passer på oss, om vi liker det eller ikkje, om vi legger merke til det elle ikkje? Gud er med oss i gledesstunder, der vi alt for ofte gløymer han, og han er meoss i vår sorg og vår naud. Han er med dokke i dag.

 

Sola skal ikkje stikka deg om dagen

og månen ikkje skada deg om natta.

Ingenting skal skade deg, viss alt skjer etter guds vilje skal du berre ha det bra. Men skjer alt i denne verda etter guds vilje? Kor ofte er det menneske presser viljen sin fram, kor ofte presser eg viljen min fram?

 

Herren skal vara deg frå alt vondt

og verna om ditt liv.

Det var ikkje  vi sjølv som har gitt oss livet. Vi har fått det med han og han skal ta vare på det. Kva er livet vårt? Er det å vakne kvar morgon? Er det, det å oppleve så mykje som mogleg? Er livet meir enn dei dagane vi har her på jorda?

 

Herren skal vara din utgang

og din inngang

frå no og til evig tid.

Dette orde brukar vi i dåpen: Guds omsorg gjeld frå byrjinga til slutten. Uansett om du prøver å rømme frå  gud, han er med deg: i går, i dag , i morgon og alle dagar. Han er med oss og han skal ta vare på oss.

 

 

Og han har gitt oss dette fantastiske landet, med fjord og fjell, sjøen og marka, fossane og oljen.

Han har gitt dokke Bjørn og han har gitt dokke alle dei gode minnene dokke har frå han. Vi har grunn til å takke han for det.

Jesus Kristus har lova at han vil være med oss i dag og alle dagar, i gode og vonde tider, Jesu seier: Matt 28:20

Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står."

Gud er ein gud som lid med dokke i dag, men som har også gitt oss eit håp:

Joh 3:16

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.