Det hev ei rose sprunge

ut av ei rot så grann.

Som fedrane hev sunge:

Av Isais rot ho rann,

og var ein blome blid

midt i den kalde vinter

ved mørke midnattstid.

 

Om denne rosa eine

er sagt Jesajas ord.

Maria møy, den reine,

bar rosa til vår jord.

Og Herrens miskunnsmakt

det store under gjorde

som var i spådom sagt.

 

Guds rose ljuvleg angar

og skin i jordlivs natt.

Når hennar ljos oss fangar,

ho vert vår beste skatt.

Me syng i englelag:

No er det fødd ein Frelsar,

og natti vart til dag.

 

Eg vonar at dokke kjenner denne songen. For meg høyrer den i alle med til minnene om jul frå barndommen min. I minnene mine lukter det stollen, eit tys julebrød, det lukter og røykemannen røyker pipa si. Mora har lagt på ei plate med julesongar og vi sitter i stua. Familien er ennå heil og i orden. Eg høyrer songen: Det hev ei rose sprunge ut av ei rot så grann. På tysk liknar denne setninga lit på ein setning som seier "Ein hest har gått seg vill". Eg forstå ikkje songen men det spillte ingen rolle. Eg hadde trygt og godt.

Det var først mykje seinare at eg forstå salmen: Den tar utgangspunkt i to bibelvers: Höys 2:1

Ei rose frå Saron er eg, ei lilje i dalane. og Jes 11:1 Ein kvist skal renna or Isai-stuven, ein renning skal skyta opp frå hans røter. Isai var far åt David og Messias skulle være av Davids ætt. I den norske versionen er rosa og blomen symbol for Kristus, mens det i den tyske versionen er symbol for Maria. Denne knyta opp mot eit anna vers frå Jesaja: Jes 7:14  Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, ei møy skal verta med barn og føda ein son, og ho skal kalla han Immanuel.

Den Tyske versionen kjem frå den katolske byen Køln i Tyskland og då salmen blei omsett til norsk tildleg på 1900tallet, blei han lik som reformert.

Men det er ikkje det som er viktigast. Det viktigaste er at den forkynner at Gud er blitt menneske, at Jesus er født. I Jesus kom gud til jorda, her gikk han opp korset for alt det som går galt i livet vårt, og hit skal han kome att for å rydde opp med all urett og for å gjer slutt med all liding og død.

I dag gir ikkje lengre denne salmen  same tryggleiken til meg som den gjorde då eg var barn. I dag er det evangeliet, Jesu glade budskap som gir meg tryggleik.

Joh 3:16

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.