Preiketekst: Matt 11:2-10

Johannes, som sat i fengsel, fekk høyra om alt det Kristus gjorde.

Han sende bod med læresveinane sine og spurde: "Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?" Jesus svara: "Gå og fortel Johannes kva de høyrer og ser: Blinde ser og lame går, spedalske vert reine og døve høyrer, døde står opp, og evangeliet vert forkynt for fattige; og sæl er den som ikkje støyter seg på meg!" Då dei var farne, tok Jesus til å tala til folket om Johannes: "Kvifor gjekk de ut i øydemarka? Ville de sjå eit sevstrå som svagar i vinden? Nei! Kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein mann med fine klede? Dei som går i fine klede, held til i kongsgardane. Men kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein profet? Ja, eg seier dykk: Meir enn ein profet! Det er om han dette er skrive:

 

Sjå, eg sender min bodberar føre deg,

han skal rydja vegen for deg."

 

 

Kva driver eg her? Julevask, sjølvsagt. Eg tenkte eg skulle  vaske litt ekstra godt. Advent tyder nå framkomst og når vi får besøk skal alt være fin og velstelt, slik som det var til vistasen. Når ikkje berre biskopen, men sjølvaste Herren kjem då skal vi rydja vegen skikkeleg for han.

Men er husvask den rette måten å førebu seg på jul, på festen til minne om at Jesus kom jorda og at har blitt menneske? Er det rette måten å bruke adventstida på, tida som skal minne oss om at Jesus kjem att?

Stolaen eg bærer i dag er lilla. Lilla det står for fastetid og adventstida skulle eigentleg være ein fastetid.

Når vi høyrer ordet "å faste" då er det først og fremst kostholdet vi tenkjer på. Men å sei at å faste det er kun det å halde diett, det er å redusere fastetida.

Det å faste det meiner å førebu seg og ein del av dette kan være å passe på kosthaldet sitt. Men det å faste er være meir: Det er å rydde veg for Herren. Det er å ransake seg sjølv. Kva er det som står mellom meg og Gud? Er det kredittkortet som i julerushet byrjar å glø? Er det presset til å kjøpe? Er det alle dei julepresangane som eg føler meg nød til skaffe?  Er det julevasken, som gjer at eg ikkje kan oppleve skikkeleg jul før eg har fortent den på denne måten? Er det alle disse julebord? Er det alle aktivitetar med julemesse, julesong etc. ?

Eg veit ikkje kva det er for deg, men eg veit at for meg er dei mange aktivitetane og kjøpepresset. Eg prøver å rydde veg for Herren i mitt liv. Eg prøver så godt eg kan å halde meg unna julehandelen og viss eg kjøper julepresang så prøver eg å gjer det før adventstida. Å styre unna dei mange aktivitetane det er litt meir vanskeleg. Men eg skal i alle fall ikkje drikke meg fulle ved eit julebord. Ryd veg for Herren. Ryd i deg sjølv. Prøv å ta ein inderleg julevask, inne i deg sjølv. Gjer deg fri frå alt som er til hinder for å kunne møte Herren som kjem. Vask øyane og skjerp blikket slik at du kjenner han når han kjem: Blinde ser og lame går, spedalske vert reine og døve høyrer, døde står opp, og evangeliet vert forkynt for fattige; og sæl er den som ikkje støyter seg på meg!

Leit etter Herren! Kanskje han er alt komen? Eller han kjem i morgon? Han spør ikkje om alle julepresang er, men om du er klar og om du kjenner han. I Jesus blei Gud menneske for vår skuld, ikkje for presangane si skuld. Jul, det at Gud kom til oss er heller ingen ting vi kan fortene oss, det er ei gåve. Ei ekte gåve som ikkje treneger å gi noko att for. Det er nok at du mottar gåva og sei "ja, takk".

Eg ynskjer dokke at dokke kan føle dokke fritt til å droppe julevasken på huset,. Til våren ser dokke likevel mykje betre, og at dokke skal ta dokke ein skikkeleg inderleg julevask for å rydde veg for Herren når han kjem, slik at dokke kan kjenne han og ta han imot.