I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. Han var i opphavet hjå Gud. Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. I han var liv, og livet var ljoset for menneska. Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det.

[Det stod fram ein mann, send av Gud; Johannes var namnet hans. Han kom for å vitna; han skulle vitna om ljoset, så alle kunne koma til tru ved han. Det var ikkje han som var ljoset, men han skulle vitna om ljoset.]

Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud. Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.

 

Bestefaren min var bergmann. Og når eg tenkjer  på ryggen hans, da husker eg at den alltid var litt svart. Eg spurde han om han hadde vaska seg skikkeleg. Han smilte berre og fortalde at det var kull som hadde koma under huda hans då han jobba i gruvene under jorda. Bestefaren var ein stor og høg mann og det var trongt i gruvene. Tunnelane var mørkt og lavt slik at han aldri klarte å gå oppreist. Ofte måte han krype. Han blei vondt i ryggen og fikk mange sår og inn i desse sårene fikk han kullstøv. Det var hardt arbeid og dei hadde ikkje moglegheit for vaske seg ordentleg. Bestefaren var heldig. Han overlevde, han fikk ingen alvorlege infesjonar i sårene, men kullstøvet, det satt fast i huda hans.

Bestefaren min døde rett før byrja på skulen, men eg husker han fortsatt.

I dag har eg med meg ein anna bergmann. Han er ikkje så stor som bestefaren, men også han har sin historie: Den kjem frå Erzgebirge eller på norsk Malmfjellet, det område i Tyskland der eg  voks opp i. Som mange andre ting høyrer den med til jul. Det var bergmenn som gav namnet til malmfjellet. I fleire hundre år jobba dei i fjellet, under jorda. Det var dårleg luft der inne i gruvene, det var våt , kald og det var farleg. Berg menn blei sjeldne gamle. Dei døde unge. Det var ikkje alle som hadde englevakt i gruvene.

Mørkt var det når bergmannen gikk på jobb, mørkt var nede i gruvene opp til 800 meter under jorda og mørkt var det når bergmannen kom heimat om kvelden. Ljoset opplevde bergmannen berre som ein gjest i livet sitt. Ein gjest som han møte på søndagar og til jul. Bergmennene var fromme menn, dei dagane dei var oppe gikk dei i kyrkja. Jesus og ljoset det hørte fast saman for dei. Sjølv om dei opplevde dagens lys berre som ein gjest i livet sitt, og Gud berre var ein Gjest på jorda så tok dei begge to med seg i hjarte sitt når dei fòr nede i gruvene igjen.

Sjølv om dei henta kull, sink og sølv ut av jorda var bergmenn fattige. Det var ikkje mange gåver dei kunne gi borna sine. Viss dei hadde litt tid så tok ein vedkubb og eit kniv og laga litt leiketøy eller dei laga små krubber med Jesusbarnet, Maria og Josef og Maria som dei kunne selje slikk at mora kunne kjøpe litt ull til nye bokser og genser. Og av og til skjera dei ein bergmann eller ein engel fordi dei visste at dei trengte Englevakt nede i gruvene.  Og alltid hadde både bergmann og engel ljos i handa som teikn på det lyset dei møte i kyrkje når dei først var oppe ved dagslyset. Etterkvart blei det tradisjon i adventstida at ein sat bergmenn og engel ut i vindauga ein engel for kvar jente som budde i huset og ein bergmann for kvar gutt som budde der. Og dette her, det er faktisk engelen til  han Paul, gutten min..

Nå er ikkje vi bergmenn sjølv om det kan hende at det er nokre englar her i blant oss. Men også vi lever i ein mørke tid ikkje berre at dagane er korte også verda har blitt mørkare med kjøps- og andre press frå alle kanter.

Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det. Jesus er verdsens ljos, i han blei gud menneske og eg håper at dokke kan ta dette ljoset inn i hjertane dykkar og ur med dokke nor dokke skal ut i denne mørke verd igjen. Prøv det ta imot barnet.