Preiketekst: Joh 1:1-14

I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. Han var i opphavet hjå Gud. Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. I han var liv, og livet var ljoset for menneska. Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det.

 

Det stod fram ein mann, send av Gud; Johannes var namnet hans. Han kom for å vitna; han skulle vitna om ljoset, så alle kunne koma til tru ved han. Det var ikkje han som var ljoset, men han skulle vitna om ljoset.

Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud. Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.

Eg gler meg til jul. Eg gler meg til den 25. desember. Det er ikkje store julepresanger eller huset fullt av familien eg forventar. Familien min bur langt unna og det er aldri meir enn tre stykker som våger seg ut til oss i juletida. Det er av og til trist og sitte der og tenkje på alle dei som ikkje er der.  Men eg gler meg til jul likevel. Eg gler meg til at verda skal bli ljosare. Eg har ingen problem med å innrømme det: Eg slit i mørketida. Verda er så mørk. Eg veit ikkje lengre riktig når det er dag og når det er natt. Når det i tillegg er vått og mørkt ute, byrjar tankane mine å spegle  været.  Tankane blir mørke og pessimistiske. Og ikkje all tran i verda kan hjelpe mot det. Midt i denne mørketida kjem jula. I Jesus har Gud blitt menneske. "Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda." Midt i denne mørketida, midt i vår mørke verd, midt i all elende, i all liding, død og pessimisme på jorda, kjem Gud. I han er liv og ljos. Han er ljoset. Han er grunnen til at vi tenner alterlys kvar søndag og adventslys i adventstida.

Gud blir menneske. Han blir menneske for å være menneska nær, for å gi dei liv, ljos og håp. Livet er meir enn mørketida. Livet er meir enn dagen i dag.  Livet er meir enn livet her på jorda. Livet er liv hos Gud og i hans ljos.

Gud blir menneske. Menneska har aldri klart å kome fram til Gud. Men Gud elskar menneska uansett kor mykje vondt vi gjer mot han. Han har oss kjær. Har oss så kjær at han gjorde seg ufarleg, han møtte oss som eit lite barn og gjekk seinare gjennom liding, død og grav for oss. Hos Gud finst tryggleik og varme.  Og denne varmen ynskjer han å smitte oss med.

Gud blir menneske. Men det er ikkje alle som tar han imot. "Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans." Gud er som ein god far eller ei god mor. Han ventar og er tålmodig med alle sine barn. Han som sjølv vart eit lite baby for å kome til jorda.

Jul er ikkje å begripe, jul er å tru, å tru på Jesus, ljoset som kom til verda slik som vi trur på at dagane blir lengre å lysare igjen. Jul er ei gåve! Ei gåve som vi berre skal ta imot. Han som gir gåva forventar ikkje at du gir noko att, berre at du tar imot gåva. Likevel kan du dele gåva, du kan dele noko av den varmen og det ljoset som du fekk: Har du nokon i nabolaget som sit aleine heime eller på institusjon til jul? Kanskje du er i slekt med han eller ho? Eller ikkje? Kunne det være ein tanke å invitere han eller ho heim til deg til jul? Matt 25:40  "Sanneleg, det seier eg dykk: Det de gjorde mot ein av desse minste brørne mine, det gjorde de mot meg."

 

Eg gler meg til  jul, til at verda skal bli lysare igjen, til at dagane skal bli lengre igjen, og til det sanne ljoset, Gud  som blei menneske, Jesus Kristus.

 

Immanuel - "Gud med dokke" - Og god jul.

"Ære vere Gud i det høgste,

og fred på jorda

blant menneske

som Gud har hugnad i!"

Luk 2:14