Preiketekst: Matt 2:1-12

Det var i Betlehem i Judea Jesus vart fødd, medan Herodes var konge. Då kom det nokre vismenn frå Austerland til Jerusalem og spurde: "Kvar er den jødekongen som nett er fødd? Vi såg stjerna hans då ho synte seg i dagsranda,

og no er vi komne og vil hylla han." Då kong Herodes fekk høyra det, vart han svært uroleg, og heile Jerusalem med han. Han kalla saman alle overprestane og dei skriftlærde i folket, og spurde dei kvar Messias skulle verta fødd. "I Betlehem i Judea," svara dei, "for så står det skrive hjå profeten:

 

Du Betlehem i Juda land

er så visst ikkje den ringaste

av fyrstane i Juda.

Frå deg skal det koma ein hovding,

som skal vera hyrding for Israel, folket mitt."

 

Då kalla Herodes vismennene til seg i løynd og spurde dei nøye ut om tida då stjerna hadde synt seg. Så sende han dei til Betlehem og sa: "Gå og spør dykk føre om dette barnet. Og når de har funne det, så sei frå til meg, så eg òg kan koma og hylla det." Då dei hadde høyrt på kongen, tok dei i veg. Og sjå, stjerna som dei hadde sett koma opp, fór føre dei heilt til ho vart ståande over staden der barnet var. Då dei såg stjerna, vart dei overlag glade. Dei gjekk inn i huset og fann barnet hjå mora, Maria. Og dei fall på kne og hylla det. Så opna dei skrina sine og bar fram gåver til barnet: gull, røykjelse og myrra. Men Gud varsla dei i ein draum at dei ikkje måtte fara attende til Herodes, og dei tok ein annan veg heim att til landet sitt.

 

 

Eg harein vandrestav med meg i dag. Staven er symbol og støtte for alle som er undervegs. Vismennene var undervegs, gjetarane var det og Maria og Josef vandra òg til Betlehem.

Også vi er på vandring. Kyrkjelyden er på veg i lag. Kyrkjeskipet som heng er  i midten er ikkje berre eit symbol for at dei som er ute på havet er inkludert i fellesskapet. Det at skipet heng der midt i kyrkjelyden er også eit symbol for at kyrkjelyden er på veg i lag.

Teologen og pedagogen Jan Amos Comenius. var veldig opptatt av ei bildet: det vandrene gudsfolket. Han tok utgangspunkt i ørkenvandringa til Israelsfolket gikk vidare til dei kristne som guds nye folk. ¨

Verda rundt oss står ikkje fast. Den er i alltid i forandring og Guds folk er på vandring gjennom tid og rom. Den er på vandring til Gud på veg til Gud og hans rike.

 

Det var keisaren Augustus som bestemte at Maria og Josef skulle reise til Betlehem, det var engelen som sendte gjetarane til stallen, det var stjerna som leia vismennene og det var gud som sa til dei at dei skulle reise heimat på ein anna veg. Kva er det som leier oss i dag? Er det lommeboka? Er det bilen? Er det ruteboka? Er det bibelen? Er det Gud?

Har vi i det heile tatt eit felles mål eller er aller berre på veg til sin eigne mål? God utdanning for barna? Eit betre hus? Eit større båt? Pensjonistlivet? Alt det beste berre for øya mi? Er vi på veg i lag eller kvar for seg?

Eg kan ikkje gi svar på desse spørsmål. Men det er nødvendig å stille dei. Vi er komet  inn i eit nytt år. Vi har fått eit nytt år, ei ny sjanse av Gud. Vi har ein nådig ein tålmodig Gud, som tilgir oss og som gir oss ein ny sjanse til å gjer oss på veg til han. Slik som vismennene. gjorde det. Ennå kan vi gjere oss på veg til han. Vi kan vandre i lag og vi kan tar med dei som har blitt borte undervegs, dei som blei svake, dei som snubla undervegs og dei som fallt. Gud gjer det mogleg. Det er trist å vandre aleine. Ei vandring er ingen spasertur i godværet. På vandringa kan stigane fort blir trongt  og farleg. Da er det godt å være i lag.

Comenius skulle bli den siste biskopen for brødrekyrkjelyden i Bøhmen og Mæhren i Tsjekia. I 1620 måtte han med dei siste i kyrkjelyden sin vandre ut av heimlandet sitt. Forfølginga hadde blitt for hardt.

Nå håper eg at vi skal slippe forfølging her, men også er i landet har karane for kyrkja blitt trongere. Eg håper  vil vandre i lag meg, og med guds ord som vegvisar gjennom Herrens år anno Domini 2005 på veg til Guds rike.

Fred være med dykk.

.