Jesus sa: "Kva meiner de om dette: Det var ein mann som hadde to søner. Han gjekk til den eine og sa: Gå bort i vingarden og arbeid der i dag, guten min! Nei, eg vil ikkje, svara han. Men sidan angra han og gjekk. Så gjekk

faren til den andre og bad han om det same. Ja, herre, svara han; men han gjekk ikkje. Kven av dei to gjorde det faren ville?" "Den fyrste," svara dei. Då sa Jesus til dei: "Sanneleg, det seier eg dykk: Tollarar og skjøkjer kjem før inn i Guds rike enn de."

 

Eg har ein båt, ein plastsnekke på 22 fot. Den har ein 10 hestar saab, ein ganske driftssikker motor som folk seier. Eg har brukt båten og motoren ein hel del og gleda meg på det fine være som vart meldt. Så skulle familien på ein liten tur til Løvsøy og eg prøvde å starte motoren.

Dette her er toppen til saaben min. Motoren laga ein del lyd slik som om han skulle starte, men han starta ikkje. Det gikk ei stund før oss fant ut kva som var gale. Topp var nymalt og såg heilt fint ut og ventilane var nyslipte. Endeleg fant vi årsaka: toppen hadde blitt for varmt og hadde fått seg ein sprek og kjølevatn blei sprøyta in i eksosventilen. Slik kunne motoren virke.

 

Det er ikkje så viktig korleis noko eller nokon ser ut, men det er viktig at det verker. Det er ikkje viktig å ha den finaste båten i hamna når den ikkje verker eller når du ikkje brukar den. Båter er laga til å bli brukt, det er ikkje mening at du skal melde deg inn i Hagebåtseiernesmannforening. Båter er laga for å være på sjøen. Også menneskene er skapt til noko:

Matt 4:10

 

Herren din Gud skal du tilbe,

han og ingen annan

skal du tena."

 

Dei er skapte til å tene gud. Men nå er det med menneskene ofte slik som med motoren min. Dei vil kose seg for seg sjølv, dei vil ikkje sveitte så mykje. Dei gjer store ord men det er lite som skjer etterpå. Dei tenkjer først på seg sjølve og berre når dei har skikkeleg god tid, er sjuk eller ligg for døden då byrja dei med å tenkje på gud.

 

Nå var dette ei ganske tilspissa skildring som passer heldigvis ikkje på alle menneske, men egoismen har vi alle i oss, det at vi setter våre behov framom gud.  Dette, denne avstanden mellom gud og menneskene kallar vi for synd. Men Jesus Kristus har med sin død byjet ei bru over denne avstanden, slik at vi ikkje lengre trnger å bekymra oss, men han har også gitt oss ei utfordring:

 

Luk 10:27

Han svara: "Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv."

 

Vi kan tenea gud med at vi tener våre neste. Det er ikkje nødvendig å bruke store ord, der mykje bedre og enklare å hjelpe våre neste.

Franz av Asissi sa: "Eg skal forkynne evangeliet, om nødvendig med ord". Kvar og ein av oss har vi fått gåvar frå gud. Den eine er flin til å snekre, den andre er flink tin å tenkje, den tredje til å gi eller å skru. Gud har skapt oss han har ei oppgave for kvar og ein av oss, men det er vår oppgåve å sjå den.