Den 8.6. stå det i avisa: Tyrkisk presse skriv at tre av dei fire drepne tyrkiske statsborgarane ombord på Mavi Marmara, skipet som vart borda av israelske kommandosoldatar 31. mai, ville døy som martyrar.
– Eg ville bli martyr. Eg har drøymt om det, seier ein av dei.– Martyrdøden kledde han godt. Allah ga han den døden han fortente, sier eit svigerbarn av ein av dei andre døde.
– Han drøymde om å bli martyr, seier ein tredje av dei døde, skriv Dagbladet.
Det israelske forsvaret har lagt ut video på youtube, ein video som skal vise at ein deltakar på konvoien seier at han gjerne ville bli martyr.
Og same dagen kunne ein også lese: Sist uke ble lederen for Den katolske kirke i Tyrkia knivdrept i sitt hjem. Mordet på biskopen føyer seg inn i en statistikk som stadig setter nye rekorder.
Vatikanet offentliggjør nå tall som viser at 37 katolske prester og kirkefolk ble drept i fjor. Det er det høyeste tallet som noen gang er registrert og en dobling i forhold til 2008.
Då er det godt og trygd å være her i Noreg. Når vi snakkar om norske martyr, då tenkjer i alle fall eg på Olsok og Olav den heilage og det er allereie ei lita stund sidan døyde ved Stiklestad i 1030.
Men kva er eigentleg ein Martyr? Martyr (frå gresk μάρτυς, 'vitne') er ein person som gjev livet sitt for den religiøse trua si eller for ei spesiell sak. Historisk er omgrepet særleg knytt til kristendommen, spesielt til forfølgingane i romersk tid og under misjonsarbeidet seinare, men også i andre religionar er martyromgrepet viktig.
Ein martyr er i utgangspunkt eit vitne for trua, men ordet blir vanlegvis brukt om menneske som gjev livet sitt for trua si. Også dagens preiketekst handlar om å gi livet sitt for trua si. Men er det å forstå slik at vi alle skal døy for trua vår?
Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Matteus i det 16. kapitlet:
Jesus sa til læresveinane: Vil nokon vera i lag med meg, må han seia nei til seg sjølv og ta krossen sin opp og fylgja meg. For den som vil berga livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld, han skal finna det. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel? For Menneskesonen skal koma i herlegdomen åt Far sin med englane sine, og då skal han gje kvar og ein lika for det han har gjort.
Slik lyder Herrens ord.
For å sei det rett ut: Eg trur ikkje at vi alle skal bli martyrar med at vi døyr for trua. Men eg forstår Jesus ord nok slik at vi skal bli martyr. Vi skal bil Martyr for trua. Vi skal bli vitnar for trua. Vi skal vitne om Trua, vi skal vitne om Jesus. Vi skal vitne med dei gåvene, med dei evane som kvar og ein av oss har. Vi skal vitne, det meinar at vi skal gjer noko. Det er vanskeleg å vitne når du sitt tause i sofakroken. Vi skal stille livet vårt under korset, vi skal gi Jesus mogleiken til å forandre livet vårt.
Når du skal være eit truverdig vitne, då er det vanskeleg å halde fast på livet slik som det er. Då er det vanskeleg å halde fast på at livet ditt skal være slik som det alltid har vært.
Vi skal være martyr, vi skal være vitne, vi skal være klare til å gi opp noko av det behagelege livet vårt for gud. Den kristne trua er ingen sovepute for salig fred, den kristne trua krev også engasjement .
Kristus trenger oss som sine vitne her på jorda.
Vi skal stå opp mot urett der andre teier. Vi skal besøke dei som er einsam. Vi skal samle dei som er åleine. Vi skal gi håp til dei som er håplause. Vi skal finne ord for dei som er tause. Vi skal mette dei som er svoltne med både mat og ord. Vi skal våge å snakke om Jesus i eit samfunn, der han blir skyva til side i større og større grad. Vi skal være vitne for den krossfeste og oppstadne. Og vi kan ikkje rekne med at det vi gjer er populære, men vi skal likevel gjer det. Vi skal gi noko av livet vårt. Vi skal ta krossen vår på oss og vi skal følgje etter Jesus. Og sjølv om vi kan snuble undervegs, sjølv om krossen kan være tungt, Jesus vil være med oss og han vil aldri leggje meir på oss, enn vi kan bære. Han vil være med oss, han vil ta vare på oss og han vil utfordre oss til å være vitne for han. Vitner i livet og ikkje i jakta etter døden. AMEN