Kjenner du forskjellen mellom desse to?  Det eine var vin og det andre er vin. Men det finns også forskjellar mellom forskjellige sorter vin. Faren min kjem frå eit området der det dyrkast mykje vin og han er vakst opp med utsikt på ein vingard. Han har fortalt meg litt om vin og kulturen: Det er viktig å være bevisste på kva vin ein drikk, når ein drikk det og ikkje minst kor mykje ein drikk. Vin skal ein drikke til å nyte den ikkje til å drikke seg fulle. Og vinen skal høve til det ein bruker det til. Det er klare forskjell mellom vin som berre er eigna til maten og som ein skal drikke for seg sjølv.

 

Vin er i mange land ein viktig del av kulturen og i andre land diverre ein del av ukulturen. I alderdomen, før ein blei kjent med te og kaffi var vinen ofte den beste drikken for helsa. Drikkevatnet var ofte så dårleg og rike av bakteriar at det ofte kunne være helseskadeleg å bruke det. I vinen derimot hadde alkoholen vanlegvis klart å drepe bakteriane, slik at det var mykje betre å drikke den enn å øydeleggje magen og resten av helsa.

Kvifor fortel eg alt dette til dokke? Ikkje fordi eg ynskjer at skal drikke meir vin. Tvert imot eg er glad for kvar og ein som klarer å leve heilt utan alkohol, den har øydelagd alt for mykje, særleg gjennom med den skandinaviske fulle-drikke-kulturen. Eg har fortalt alt dette fordi det er andre kultur i andre land, der ein berre drikk litt og stopper lenge før ein må stoppe.  Slik var det vel også i den tida Jesus levde i Israel. Og det må ein vite når ein høyrer dagens preiketekst:

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Johannes i det 2. kapitlet:

Tredje dagen stod det eit bryllaup i Kana i Galilea. Mor til Jesus var der, og Jesus og læresveinane hans var òg bedne. Då det var slutt på vinen, sa Jesu mor til han: "Dei har ikkje meir vin." "Kva har du med mitt å gjera, kvinne?" svara Jesus. "Min time er enno ikkje komen." Mor hans sa då til tenarane: "Det han seier dykk, skal de gjera."
No stod det nokre vass-kar av stein der, som skikken var etter dei føreskriftene jødane hadde om reinsing. Det var seks kar, og kvart av dei tok to eller tre anker. "Fyll kara med vatn," sa Jesus. Og tenarane fylte dei til randa. Så sa han til dei: "Aus no opp og ber det til kjøkemeisteren." Dei så gjorde. Kjøkemeisteren smaka på vatnet, som hadde vorte til vin. Han visste ikkje kvar vinen kom ifrå, men tenarane som hadde aust opp vatnet, visste det. Då ropa han påbrudgomen og sa: "Alle set fyrst fram den gode vinen, og når gjestene er drukne, kjem dei med den ringare. Du har gøymt den gode vinen til no."
Dette fyrste teiknet sitt gjorde Jesus i Kana i Galilea. Han openberra herlegdomen sin, og læresveinane hans trudde på han.

Slik lyder Herrens ord.

Det er mykje ein kan gjere men det er ikkje alt ein bør gjere. Eg kunne kjøre bil med 160 km i timen eller eg kunne drikke ut denne flaska. Klart eg kunne ha gjord det,  men eg burde ikkje gjer det. Det går an å kjøre over 100 km i timen på ein tysk autobahn, eller å drikke eit glas om kvelden. Men ikkje alt er bra og i alle fall ikkje alltid. For å illustrere det med ei lita humoristisk historie: Skulle eg for eksempel tømme denne flaska nå kunne det gå med meg slik som det skal har skjedd med ein ung prest som skulle ha si første gudsteneste: Han var så nervøs i forkant av denne gudstenesta at han skjelva og difor spurde han legen om korleis dette skulle gå bra. Legen sa: Dette skal gå bra. Du må berre øve og kvar gong skjelvinga kjem så skal du ta deg ein liten dram til å roe deg ned.

Etter at presten hadde skjelva 17 gongar gjekk han ned frå preikestolen og då han gjekk ned var det skikkleg applaus.

Etter gudstenesta snakka han med legen og legen sa: Dette gjekk nok bra. Det er berre nokre småfeil:

 

 

 

 

 

Men elles så gjekk det bra.

Ein burde ikkje gjer alt ein kan gjer og ting har si tid. Maria veit at Jesus kunne gjer under og at det ikkje kosta han for mykje. Men han er motvillig. "Kva har du med mitt å gjera, kvinne?" svara Jesus. "Min time er enno ikkje komen." Det er ikkje nokon sak for han å gjer vann til god vin, men om det blir for mykje oppstyr rundt dette, så kan det øydeleggje for det han skal gjere.  Sjølv om Jesus nok hjelper med vinen og det til og med ser ut som om han har greie på vin: Han har gitt ein klar beskjed til mora si slikk at også ho vil være meir bevisste om kva ho spør han om neste gang.

Slik bure også vi prøve å være bevisste med kva vi gjer og kvifor vi kanskje gjer ting.  Jesus er guds son. Det blir tydleg gjennom dette teiknet. Han kan mykje og det er kanskje nettopp difor han ikkje gjer alt han kunne har gjord. Han gjer det ikkje fordi horisonten hans er vidare enn berre her og nå.

Vi kan be han om ting,  og det er godt om vi ber han om hjelp, men vi kan ikkje forvente at han gjer alt slik som vi forventar det . Han lyttar på oss og han hjelper. Han hjelper i den vide hosrionten som han har. Men også vi bør sjå vidare enn her og nå også vi bør satse på å bruke den horisonten som vi har når vi skal avgjer om bi bør gjer noko eller om vi bør la være.

AMEN