Dette her er eit bilete av fyrlykta ute på Haram. Bilete blei tatt på ein fin vårdag. Men det er ikkje på dei fine dagane ein har mest behov for lykta. Det på dei mørke dagane og når det stormar at ein trenger lykta for å vise veg slik at ein ikkje skal gå på grunn. Men det er også viktig at ein orienterar seg ve dei rette lykta, at ein vel dei rette lykta.
Bibelen er guds ord og gjennom det dette ordet ynskjer gud å vise oss vegen. Det er difor konfirmantane skal velje seg eit konfirmasjonsvers. Og det gjorde dei ho Sunniva har bestemt seg for
Joh 8:12 Atter tala Jesus til folket og sa: "Eg er ljoset for verda. Den som fylgjer meg, skal ikkje ferdast i mørkret, men ha livsens ljos."
Jesus ynskjer å vere lyset for verda, men vi har eit val. Vi kan setje på oss solbrille og kan velje ignorere dette lyset. Men vi kan også velje å følgje dette lyset. Vi kan velje å hjelpe Jesus med å gjøre denne verda litt lysare. Og korleis vi kan gjer dette det fortel konfirmasjonsverset til Martinus noko om.
1 Kor 13:13
Så vert dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.
Vi skal møte gud og vi skal møte kvarandre med kjærleik. Vi klarer ikkje å forstå alt i denne verda, men vi kan møte kvarandre med godvilje og med kjærleik. Vi er alle guds barn og vi har ein far i himmelen og ein bror i Jesus Kristus og han ynskjer å vise oss vegen gjennom ordet sitt. Vi er søsken, vi skal gjøre vårt beste for å leve i kjærleik med kvarandre for å gjere denne verda litt lysare.