Er det allereie konfirmasjon i dag? Eg synast at dette året har gått utroleg fort. Eg veit ikkje korleis det er med dykk, men for meg har dette året gått utroleg fort. Det er nesten litt vanskeleg å fatte at eg skal konfirmere dykk i dag, men det skal eg. Det er jo kjent at tida er relativt. :

 

Ein mann snakkar med Gud: «Er det sant at ein million år er så mykje som 1 minutt for deg?" "Ja, ja!" svarer Gud. "Og det er også sant at for deg er 10 millionar kronar eg så mykje som ein 50øring for deg?" "Ja, det er det." "Kjære Gud, kan du ikkje gi meg ein 50øring då?" "Klart, berre vent et minutt,..."

Det blir nok ingen av dykk som får denne 50øringen i dag, men eg unner dykk kvar einaste gåve som de skal få i dag. Likevel så er eg trist. Eg er trist fordi det er ikkje så enkelt å sleppe eit konfirmantkull som dykk. Det gjer litt vondt at vil nok gå ei stund før eg har alle desse gutane og jentene i kyrkjebenkane igjen. Det er ikkje anna å sei om denne gjengen enn at den er flott og at dei er flinke. Sikker ikkje alt var berre gøy og det var nok den ein eller to klare diskusjonar  på tekstmelding, men dei har lært sitt. Dei kan tekstane sine og ingen av dei hadde nokon som helst problem med å få gudstenesta sine på plass.  Dei kan sitt, sjølv om eg nok ikkje vil gå så langt som ein kollege av meg påstår at han har opplevd med konfirmantane sine:

 

Ennå ein gong er det noko galt med mikrofonen. Han skrur den av og på og så seier han for å sjekke om den  verker igjen: "Eg trur det er noko gale med mikrofonen!" – og så svarer konfirmantane i kor ”og med deg være Herren” …-

 

Nei dette året har gått fort for meg og det er kjekt å ha dokke her i dag. Det er kjekt å  sjå dokke sjølv om eg veit at det blir nok aldri igjen at eg har dokke alle saman samla her. Men kanskje den eine eller andre finn vegen att, med eller utan spesiell grunn. Og når det stormar i livet så veit dokke korleis dokke får tak i meg og det er faktisk lov å sende tekstmelding nå om både det eine og det andre og det er tidlegare konfirmantar som gjer dette.

 

Eg har prøvd å lære dokke noko om kristentrua og om korleis ein kan leve den. Kor vidt eg har lykka med dette det må dokke bedøme. Trua kan levast på forskjellige måtar, slik som det finns forskjellige folk. Det viktigaste er at ein lever den og at ein ikkje gjøymer den bort og henger den i klesskapet med konfirmasjonsdressen.

Det er mykje som har skjedd sidan eg sende ut det første brevet til dokke. Eg fekk døype barnet til ei av mine tidlegare konfirmantane mine, men eg måtte også gravleggje ein som eg har konfirmert. Dette er noko av det mest triste eg har opplevd. Når det gjeld religionen, når det gjeld trua så er dokke myndige allereie i dag. Og også på andre områder blir dokke meir og meir sjølvstendige og myndige. Oss eldre klarer i mindre og mindre grad å verne om dokke. Dokke må ta ansvar sjølv.

Det hjelper ikkje å rømme. Dokke kan spør oss om råd og vi vil vel nesten alltid svare med glede. Men vi må også passe oss for å ikkje gi dokke råd som dokke ikkje har spurt om for desse råd vil det være veldig vanskeleg å lytte på.

 

Di for skal dokke ikkje få eit råd med meg nå, men eit bibelord som dokke kan ta med og  som eg håper kan gi dokke kraft og mot i trua når dokke trenger dei:

 

Det står skrive i Klagesongane i det 3. kapitlet:

Det er ikkje ute med Herrens nåde, hans miskunn tek aldri slutt.

Kvar morgon er ho ny, stor er din truskap.

Eg seier: Herren er min lut, difor vonar eg på han.

Herren er god mot dei som ventar på han og søkjer han. Det er godt å vera still for Herren og venta på hjelp frå han.

Klag 3,22-26

 

Gi ikkje opp. Du må sikkert sei ”Ha det!” til den eine eller andre draumen. Men gir aldri opp deg sjølv. Gud er glad i deg du er barnet hans. Livet er mykje glede, men blir ikkje enkelt og han kan heller ikkje verne deg mot alt vondt. Men han ynskjer å ta vare på deg og han ynskjer å være med deg aller dagar så lenge verda står. Du er aldri heilt åleine. Han er med deg. Han er  med deg om du slepp han til. Han veit at vi ikkje har ein einaste å miste her ute.

 

Det er ikkje ute med Herrens nåde, hans miskunn tek aldri slutt.

Kvar morgon er ho ny, stor er din truskap.

Eg seier: Herren er min lut, difor vonar eg på han.

Herren er god mot dei som ventar på han og søkjer han. Det er godt å vera still for Herren og venta på hjelp frå han.

 

AMEN