I dag er det Skjærtorsdag. Dagen då Jesus feira nattverd i lag med læresveinane sine. Dagen då han sa at vi skulle feire nattverd. De kjenner teksten for denne dagen.
Dette heilage evangeliet står skrive hos evangelisten Lukas i det 22. kapitlet:
Då tida kom, gjekk Jesus til bords og apostlane med han. Og han sa til dei: «Eg har lengta inderleg etter å eta dette påskemåltidet i lag med dykk før eg skal lida. For eg seier dykk: Aldri meir skal eg eta påskemåltidet før det har fått si fullending i Guds rike.» Så tok han eit beger, bad takkebøna og sa: «Ta dette og del det mellom dykk. For eg seier dykk: Heretter skal eg aldri drikka av frukta frå vintreet før Guds rike er kome.» Så tok han eit brød, takka og braut det, gav dei og sa: «Dette er min kropp, som blir gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg.» Like eins tok han begeret etter måltidet og sa: «Dette begeret er den nye pakt i mitt blod, som blir aust ut for dykk.
Slik lyder Herrens ord.
Nå kunne halde ei lang tale til dykk om kor viktig det er å ta dette oppdraget på alvor, men eg vil heller fortelje dykk ei historie:
Brød som smaker annleis
Det var på den sørlege delen av kysten i eit latinamerikansk land. Marco budde i eit fiskevær med sin kone Linda og deira tre barn Josè, Amalio og Lucia. I mange år var han fiskar. Men nå var det allereie i fleire månader at han var utan jobb. Selskapet som han jobba for slutta å fiske ved denne delen av kysten. De var ikkje nok pengar å tene på det. Arbeidstidsordningar for sjøfolk som vi er vante med frå Noreg var det ikkje å tenkje på.
Dagen kjem nærmare og nærmare. Dagen når Marco må forlate familien sin for å reise til den store byen som er hundrevis av mil unna. Han få reise for å skaffe seg jobb. Sparepengane som dei hadde er oppbrukte. Han vil gjerne bli i bygda, men han må reise, elles må familien svelte.
Dagen før han må reise er både mora og barna veldig triste. Men han må reise. Han må reise for å tene det daglege brødet for dei. Også Marco sjølv, faren er veldig trist fordi han ikkje veit når han ser kona si og dei tre barna att. Heile dagen tenkte han på kva han kunne etterlate familien sin som eit minne, slik at kona og barna alltid, i alle fall så lenge han var borte, ville tenke på han og huske han. Og han tenkte på: Kva skal eg ta med som minne om mine kjære?
Det var kveld, og alle satt ved bordet. Alle visste at dette var siste gang dei åt middagen i lag. Det var ei spent stemming og det var stille og alle visste kvifor.
Bare vesle Lucia våga å spørje faren sin: "? Pappa, når du reiser i morgon, søv eg då framleis? "
"Ja," sa far, "fordi eg må reise veldig tidlig. Eg trenger to dagar for å komme med den gamle bussen opp til den store byen i nord. Men så snart eg har klart å finne ein jobb og ein bustad, då kjem eg og hentar dykk slik at vi kan være saman for alltid. Eg vet ikkje kor lenge eg kjem til å være borte. Eg ynskjer å ta med meg eit minne frå dykk. Eg vil ta med noko som minner meg på kor gøad eg er i dykk og at eg snart må kome for å hente dykk.
Men eg vil også etterlate meg eit minne hos dykk. Det skal minne dykk på at eg er glad i dykk og at dokke ventar på meg
Eg har ingenting, "sa far," Eg har ingenting som eg kan gi deg kan gi deg. Likevel, er det noko som vil hjelpe oss: du tenkjer på meg, og eg tenkjer på deg. Når dokke er saman og eter brødet ved dette bordet så tenkjer de på meg. Og når eg eter brød i den store byen, då tenkjer eg på dykk. "
"Dette gjelder!" ropte barna. Sjølv om dei var triste fordi dei ikkje ville sjå faren i lang tid, så var dei ikkje like triste lengre. Dei veit: Kvar gang vi eit med mor ved bordet, tenker vi på far og han tenkjer på oss frem til han kjem og hentar oss.
Sidan den dagen, smakte brødet for barna og moren heimen og for faren i det fjerne annleis .
Brødet som vi får i nattverden smaker i grunn ingenting og vinen er heller ikkje noko som eg ville kalle for noko godt eller for vin i det heile tatt. Men det er ikkje det som tel, det er ikkje det som er viktig. Det som er viktig er at vi tåler å møte Jesus i nattverden, at vi minnast han og gir han lov til å møte oss der i vin og brød.
Amen