I dag er det julaftan – igjen. Igjen har det gått eit år. Eg har lyst til å spør borna. Er dokke spente? Er det fint at julaftan endeleg er der? Og dei vaksne: Dokke har opplevd 30, 40, 50 eller ennå fleire jul. Men når var det jula var best?

Alf Prøysen gir i alle fall eit heilt eintydig svar på dette spørsmålet:

En skulle vøri fire år i romjul'n
da julelysa brente dagen lang -
og væla var et hus med fire vegger,
der saligheta var et bæssmorfang.

Det er kanskje som barn at vi er mest lykkelege i jula. Men kor er det den lykka blir av undervegs, når vi blir voksen?

Eg har ei moderne likning om lykka med meg til dykk på denne julaftan:

Lykka

Det sitt seg godt i sofakroken, det ein hyggelig heim. Gardin og bileta står i lag. Om kvelden sløkker vi lysa og døra er sikra med nye lås. Lykka skulle kjenne seg trygge, som fastbuande, det tenkte vi.

 

 

Då har det allereie pakka saman, eg trur den liker ikkje å bu møblert og ser til å unngå all tryggleik. Løfter gløymer den nesten heilt med det same, og det er nok krevjande at den aldri er presise.

Eg pusta det dypt som barn med bestefar ute på marka ein vårdag. Då kasta det seg på meg slik som nye kler. Eg møta det blant ungdomar når vi feirar med levande lys ved bålet. Det var spontant, gale, audmjuke og gjorde vatn til vin.

Då har det allereie pakka saman, det gjekk bort og kom aldri att. Eg jaga etter den, men eg var aldri særleg god i det å springe. Ein gong kom det voldsamt stort, det hadde eit barn i fanget og vi gråt av lykka.

Ein gong fant eg det på stranda når eg såg etter skjell. Det var der det røpte løyndomen sin for meg: ”Du jagar etter meg og springer, du prøver å tvinge meg. Stopp opp, ver stille og sjå. Da vil du bli overraska når du oppdagar meg . Då vil du høyre lykkesongen min og eg vil møte deg i mange blikk som møter deg i heile ditt liv.

Eg er gøymd i brødlukta eller når kjærasten din erter deg når det er mørkt då kan du høyre at eg ler. Eg ventar på deg her og nå og når du synger er eg med deg for å gjer deg glad.

Fritt etter Gerhard Schøne

I dag er det julaftan. Klarer vi å sjå lykka i barneaugo? Klarer vi å sjå lykka i krybba? Jesus er født. Gud blei menneske for å vere oss nær. Han gav avkall på den guddommelege makta si for  å møte oss. Han ynskjer å møte oss som menneske, som bar i krybba. Men klarer vi å møte han? Er lykka berre god mat og gåvene under juletreet? Klarer vi å sjå lykka i barnet i krybba? Ein gud som ser på meg som så verdifull at han blir menneske for å vere meg nær?

I dag har eg kjøpt ei lita julegåve til kvar og ein av dokke. Det er ei julegåve til dykk frå Gud og frå meg personleg: Gledeleg Jul, juleevnageliet i både den gamle og den nye oversettinga. Ta det med og kanskje de finn både i dag og i dagane som kjem i romjula litt tid ti å lese frå det under juletreet. ”Gledeleg Jul” Møt lykka i barnet! Amen