Refleksjonsnotat over møte med vice – rektoren Elias Abu Ghanima på Mar Elias Campus i Ibillin, i Galilea

Samtalen i Ibellin var plassert som det siste møte på ein tur med mange inntrykk. I utgangspunkt hadde eg ikkje tenkt å reflektere over dette møte, men det var ein setning som å setje seg fast i hovudet mitt: ”I don’t want to be the Jew of the Jews.”.

Rektor Abu Ghanima presenterte seg sjølv som ein lojal borgar av staten Israel, men ivra mot forskjellsbehandlinga som han opplever som ikkje-jødisk statsborgar i dette landet. Han fortalte om det dårlegare velferdstilbodet i Ibellin samanlikna med dei jødiske kommunane rundt og at han og dottera hadde blitt nekta tilgang til eit offentleg symjebasseng i ei av nabokommunane fordi han snakka arabisk med jenta si. Det er eit dårlegare velferdstilbod fordi arabiske kommunar får langt mindre overføringar frå staten enn jødiske kommunar eller busettingar.

Han fortalte også om at arabiske studentar må vente 3 år før dei kan byrje med å studere på eit universitet i Israel og at mange difor vel å forlate landet. Grunngjevinga for denne ventetida er at det er den tida som israelske ungdomar er i militæret. Det han ikkje sa var at palestinske Israelarar er fritatt frå den lange verneplikta som også mange unge Israelar kjenner som ei byrde.[1] Palestinske arabarar kan derimot tene frivillig.[2] Men det er få som gjer det. Også mange israelske ungdommar prøver å unngå verneplikta på 1 år for jenter og 3 år for gutar og reservetenesta på 30-45 dagar for året med å klassifisere seg som ortodokse[3]. Ventetida er difor frå staten Israel meint som eit tiltak mot diskriminering av dei som tener staten sin i militæret, men opplevast av dei palestinske arabarar som ennå ei diskriminering, sidan dei har vanskar med å tene ein stat som diskriminerar dei på mange forskjellige plan og nesten kvar einaste dag.  Samstundes er tenesta i Zahal, det israelske militæret, også inngangsbilletten  til det israelske samfunnet: Her møtast (nesten) alle deler av samfunnet: Nyinnvandrar og Sabres, som er født i landet, rike og fattige, religiøse og sekulære, Aschkenasim og  Sephardim. Det er ofte it militæret mange Israelarar byggjer sitt sosiale nettverk som dei seinare trengar til yrkeskarrieren, i politikken og elles i samfunnet. Også mange ekteskap startar i militærtenesta. Det at palestinske Israelar her står utanfor gjer ikkje livet enklare for dei heller og fører til kontinuerlig diskriminering.  Elias Abu Ghanima sa også at mange jobbar til og med som butikkseljar krev at ein har avtent verneplikta. Det er fullt forståeleg nå dei som har arabisk som morsmål då har det vanskeleg å være så pass lojal mot ein stat dei frivillig  avtener militærteneste for ein stat som dei opplever på ingen måte lojal mot dei sjølv.

Forskjellsbehandlinga i staten Israel er tydeleg: Mens den israelske statsborgaren Elias Abu Ghanima må kle av seg og blir sjekka i 6 timer når han skal reise frå den israelske hovudflyplassen Ben Gourion, slapp vi unna med ein  grundig men forholdsvis enkel sjekk mens jødar i linja si kunne gå rett til innsjekkinga.

”I don’t want to be the Jew of the Jews.” Desse orda husker eg. Dei minner meg på at bestemora mi er vakst opp ikkje langt frå Theresienstadt. Jødane blei i mange hundre år diskriminert i mange europeiske land. Og først i 1851 etter utrettelig innsats frå Henrik Wergeland blei formuleringa i den norske grunnloven fjerna som nekta jødane tilgang til riket. Og dette er lite samanlikna mot det dei måte tåle i mange land allereie før andre verdskrig. Frå studietida i Prag husker eg undervisninga om Gettoen der og husker avstenginga av dei palestinske områda. Eg husker at jødane blei nekta  vidare utdanning og utøvinga av mange yrke og høyrer frå Elias Abu Ghanima kor vanskeleg det er for palestinske Israelar å kome inn i det israelske akademiske systemet. Palestinarar er det folket i Midtausten med flest akademikarar, men på israelske universitet er dei nesten ikkje present i staben. Palestinske arabarar blir diskriminerte samanlikna med dei jødiske israelarar. At staten Israel skal være både ein jødisk stat og ei demokrati ser ut til å bli ei motsetning. De facto kontrollerar Israel både sit eige område og dei palestinske områda og til saman bur det desse områda nesten like mange ikkje- jødar som jødar. Til og med den israelske forsvarsministeren og tidlegare statsministaren Ehud Barak sa den 2 februar 2010 at om ein berre skal ha ein stat i landet, at denne : “ will have to be either binational or undemocratic. … if this bloc of millions of Palestinians cannot vote, that will be an apartheid state.”[4] Han satsar då heller på to statar, ein jødisk stat Israel og ein stat Palestina. Dette meinar at ein enten vil kvitte seg med dei palestinske arabarar slik som Avignor Liebermann ynskjer det eller at ein framleis vil diskriminere ein vaskande del av befolkninga. Berre i løpet av dei siste 8 år har den ikkje-jødiske delen av den israelske befolkninga auka frå 19 % til 24 % og på grunn av høge barnetal vil den framleis auke, sjølv om mange av dei som er godt utdanna flyter til utlandet. Likevel også dei ikkje-jødiske Israelar er privilegerte samanlikna med dei som bur i dei palestinske områda: Muren som stenger som stenger dei inne minner meg på muren som stengte inn menneska i Aust-Tyskland. Gaza minner meg på eit stort konsentrasjonsleiar med 1,4 millionar menneske, der dei aller, aller fleste har aldri gjord noko mot Israel. Dei får framleis nok forsyningar til å ikkje døy, men langt frå nok til å leve.

Opp i alt dette må eg beundre  Elias Abu Ghanima som er lojal mot staten Israel og som berre ynskjer å få levevilkår for alle statsborgarar av staten Israel som kan samanliknast i alle fall nokolunde.  Det at dei opp i all denne diskrimineringa prøver å gi ”equal opportunity, dignity, self-esteem, and mutual respect are provided for both students and faculty”[5] for jødar og ikkje-jødar og at dei også har jøder blant ellevane i Ibellin er eit teikn for håp. Å ikkje diskriminere dei som ein sjølv blir diskriminert av  krev  mykje nestekjærleik, men gir også håp. Eit håp for staten Israel som ein heimstad for jødane men med like rettigheitar for alle sine borgarar.

Michael Hoffmann



[1] Dette husker eg tydeleg frå samtalane mine ved Checkpoint Erez inn til Gaza i 2005 og mine israelske venner.

[3] Ortodokse jødar som driver religiøse studiar er fritatt frå verneplikta. Eg kjenner israelske ungdomar som har brukt dette smottholet for å unngå militærtenesta. Dette fritaket føre samstundes til spenningar og diskusjonar i det israelske samfunnet.