Det skal vere ein perm med grunnordninga og alle gjeldane liturgier på gudstenestestadane. Innhaldet i permen kan ein laste ned her.

 

Lokal grunnordning for Haram kyrkjelyd og Fjørtoft kyrkjelyd

 

Vedtatt i Haram sokneråd og i Fjørtoft sokneråd våren 2012.

Om Fader vår:

  • Om Fader vår:  Vi bruker framleis det gamle Fader vår i alle gudsteneste ev. kan konfirmantane i undervisninga velje  å lære seg den nye

Til ordning for hovudgudsteneste:

 

 

  • Til 4: Vi bruker samlingsbøn, som hovudregel bør klokkaren lese samlingsbøn nr. 3 (2.29)
  • Til 5: Vi bruker syndsvedkjenninga tidleg i gudstenesta: Som hovudregel bruker vi den 2. innleiing med syndsvedkjenning nr. 3. I fastetidene (lilla dagar) bør presten vurdere å bruke den første innleiinga med syndsvekjenning 5.  Ved ei revisjon bør ein vurdere forandringar slik at ein reflekterer over syndvedkjenninga og ikkje berre seier den frå.  (Ingen lovnadsord)
  • Til 6: Vi bruker same kyrie som vi bruker i dag
  • Til 7: Vi bruker same Gloria som vi bruker i dag,  vi skal kome til familiegudsteneste seinare, men her bør ein framleis bruke Måne og sol som Gloria.
  • Til 8: I vanlege gudsteneste har vi Dagens bøn før første lesinga.
  • Til 10: Her bør det syngjast men helst ikkje meir enn 2 eller 3 vers.
  • Til 11: OBS! Salmen før preika går diverre ut!
  • Til 12:       Når ein har eit kor eller liknande er det mykje fint som kan brukast her. I første omgang bør ein som hovudregel bruke same Halleluja heile tida. Her går vi for den på side 710  / S97 194 frå Zimbabwe.  Men dette bør revurderast etter kvart dvs. seinast 2014.
  • Til 15: Sidan salmen før preika går ut bør ein syngje nokre vers her.
  • Til 14: Her bør ein medliturg (Klokker) seie setninga: ”Lat oss vedkjennast vår heilage tru”. Sidan truvedkjenninga skal svare på preika. Vi bruker vanlegvis den apostoliske truvedkjenninga.
  • Til 16 på denne plassen bør ein berre kunngjer det som er relevant for forbøna – opplysingar om arrangement  bør ein har mellom postludiet og fredshelsinga ein bør og vurdere å lage nokre små lappar med desse opplysingane som folk kan ta heim med seg.  (Syndsvedkijenninga har vi tidleg i gudstenesta)j
  • Til 17: Vi bruker vanlegvis forbøn 4 (2.60) men legg til eit ledd der vi ber for spesielle ting for eksempel lokale utfordringar, misjonsprosjekt og liknande.  Og som ein  avsluttar med ”Stilt vil vi nå leggja fram for deg det kvar av oss har på hjartet …  Gud vi bed deg”
    I fastetidene kan ein med fordel bruke litaniet.
    Til vanleg brukast Herre høyr vår bøn som kyrkjelydssvar, på høgtidene kan ein også bruke Å gud høyr vår bøn
    Obs! minninga av dei døde kjem i slutten av forbøna! Vi bruker minninga i første gudsteneste etter gravferda men særleg på Lepsøy og Fjørtoft bør ein berre sende ei spesiell invitasjon til allerhelgensdag. Obs! Dette bør ein sjå på på nytt når Nordøyvegen er på plass.
  • Til 18 der det er råd tek ein opp takkeofferet rundt alteret, elles i benkane. Ved særs store gudsteneste kan ein vurdere å ta det opp ved utgangen. Liturgen les også den siste settinga av takkofferbøna.
  • Til 19         Brød og vin skal vanlegvis stå på alteret
  • Til 20         Vi bruker vanlegvis den same prefasjonsdialogen og det same sanctus som før.  Vi droppar Mysterieorda (s. 2.18). Som hovudregel  les vi  Fader vår.
  • Til 21         Før Paxorda  skal liturgen seie: ”Lat os helsa kvarandre med eit teikn på fred”  Vi tenkjer oss at liturgen seier så ”Guds fred vere med dykk” så blir det nokre få sekund stille, der ein kan sjå seg rund og så leiar klokkaren kyrkjelyden inn i   ”Guds  fred vere med deg”.
    Der etter skal det bli ”Du Guds lam” på den gamle melodien og så ”Kom, for alt er ferdig”. Utdelingsord er liturgen  fritt til å velje.
    Vi held fast på at når vi har nattverd ved alterringen så tar vi kvar andre i handa når presten seier ”Fred vere med dykk”.
    Inntil vidare bruker vi nattverdbøn A
  • Til 22 Vanlegvis skal ein bruke den tredje bøna og liturgen skal lese gjennom heile bøna.
  • Om nattverden: Som hovudregel brukar vi framleis glutenfrie oblatar, men ein bør passe på at dei er ferske og blir lagra sikkeleg.  Vi bruker raud vin. Vi foreslår etter diskusjon at vi framleis bruker avalkoholisert vin.  Som hovudregel bør nattverd i Lepsøy bedehuskapell og i Fjørtoft kyrkje skje i midtgangen med småkalker. Som hovudregel bør Nattverden i Haram kyrkje skje ved alterringen men i høgtidene, ved dåp og spesielle gudsteneste bør ein vurdere midtgangen.  Når det er mykje folk i kyrkja bør småkalkane droppast til fordel  for intinksjon. Av praktiske årsaker bruker ein som hovudregel intinksjon på Longva bedehus.
  • Til 24 vi bruker framleis Lat oss prisa herren…
  • Til 25 og 26 vi blir sitjande under postludiet difor kjem utsendinga først etter den. Mellom postludiet og utsendinga kan ein opplyse om arrangement som kjem.
  • For dei 3 klokkeslag i starten bør ein på Fjørtofta prøve den gamle vesle klokka 
  • Informasjon om gudstenesta i starten bør vanlegvis gis av presten og ved inngangsprosesjon av andre

Til  fordeling av gudstenestene: 

  • Vir bruker fleire variantar av hovudgudstenesta: Hovudvarianten er Øymessa men vi bruker også variantar som vi kallar for Familiemesse, Dåpsmesse, Enkel messe, Enkel gudsteneste utan nattverd, Skriftemålsgudsteneste, Konfirmasjon og Julaftan. På skjærtorsdag på Longva bedehus bruker vi framleis opplegget for nattverd rundt bordet, på langfredag bruker vi framleis korsvegen i kyrkja og på påskemorgonen på Haram gamle kyrkjestad ordninga til tenninga av påskeljoset. Desse gudstenesteopplegg er vedlegg til denne ordninga. Dei og denne ordninga bør også plasserast i alle kyrkje og på alle bedehus.
  • Vi bruker ikkje takkebøn (3.5.)  i dåpen
  • Det skal som regel brukast variant A som bøn ved døypefonten men ein kan med fordel bruke namnet/a til dåpsbarnet/a i staden for ”henne/han/dei”
  • Sidan ein vanlegvis skal ha nattverd i hovudgudstenesta vil ein vanlegvis ikkje bruke Fader vår under dåpen
  • I Haram kyrkjelyd skal det etter forordninga 24 hovudgudsteneste slik som det står i forordninga. Utover det skal det ikkje vere kvardagsgudstenester men ”13 gudstenester utanom hovudgudstenestene” og vi ber biskopen om å rette forordninga på dette punktet.

Til ordning for dåp i hovudgudstenesta:

  • Når det er dåp skal det som hovudregel brukast varianten dåpsmessa
  • I alle kyrkje skal det vere skriftemålsgudsteneste ein gong for året
  • På Fjørtofta  og Lepsøya bør det ein ha 2-3 Familiemesse for året men med eit salmeutval som er avhengig av kor mange barn ein ventar
  • I Haram kyrkje bør det vere  minst 5 familiemesse for året og ein bør vurdere om dei skal vere på ettermiddagen
  • Det bør vere minst ei friluftsgudsteneste per øy per år.

Anhänge:
DateiBeschreibungErstellerDateigröße
Diese Datei herunterladen (Gudstenestehefte.docx)Gudstenestehefte.docx Michael Hoffmann127 kB
Diese Datei herunterladen (Korssveg.odp)Korssveg.odp Michael Hoffmann2884 kB
Diese Datei herunterladen (korssveg.ppt)korssveg.ppt Michael Hoffmann3046 kB
Diese Datei herunterladen (UT Bordnattverd.docx)UT Bordnattverd.docx Michael Hoffmann22 kB
Diese Datei herunterladen (UT Dåpsmesse.docx)UT Dåpsmesse.docx Michael Hoffmann25 kB
Diese Datei herunterladen (UT Enkel gudsteneste utan nattverd - Andakt på institusjon.docx)UT Enkel gudsteneste utan nattverd - Andakt på institusjon.docx Michael Hoffmann16 kB
Diese Datei herunterladen (UT Enkel messe.docx)UT Enkel messe.docx Michael Hoffmann18 kB
Diese Datei herunterladen (UT Familiemesse.docx)UT Familiemesse.docx Michael Hoffmann21 kB
Diese Datei herunterladen (UT GUDSTENESTEPERMEN.docx)UT GUDSTENESTEPERMEN.docxInnhald i permenMichael Hoffmann83 kB
Diese Datei herunterladen (UT Innhald.docx)UT Innhald.docx Michael Hoffmann12 kB
Diese Datei herunterladen (UT Julaftan.docx)UT Julaftan.docx Michael Hoffmann17 kB
Diese Datei herunterladen (UT Konfirmasjon.docx)UT Konfirmasjon.docx Michael Hoffmann19 kB
Diese Datei herunterladen (UT Langfredag.docx)UT Langfredag.docx Michael Hoffmann810 kB
Diese Datei herunterladen (UT Lokal grunnordning for Haram kyrkjelyd og Fjørtoft kyrkjelyd.docx)UT Lokal grunnordning for Haram kyrkjelyd og Fjørtoft kyrkjelyd.docx Michael Hoffmann16 kB
Diese Datei herunterladen (UT Skriftemålsgudsteneste.docx)UT Skriftemålsgudsteneste.docx Michael Hoffmann18 kB
Diese Datei herunterladen (UT Tenning av påskeljoset.docx)UT Tenning av påskeljoset.docx Michael Hoffmann18 kB
Diese Datei herunterladen (UT Øymesse.docx)UT Øymesse.docx Michael Hoffmann21 kB