Seite 2 von 2
Som prester er eg som mange andre glad i kyrkja vår, det er her eg er kalla til forkynne Guds ord og til å være hyrding for kyrkjelyden.
Det er difor eg skal leve med dette såret, med splittinga i kyrkja vår.
Eg skal fortsetje som før:
- Å byggje arbeidet mitt og forkynninga mi på Guds ord,
- Å byggje Jesu Kristi kyrkje her i Haram [og Sandøy],
- Å halde det eg lova i ordinasjonsløftet.
Så lenge eg og dei andre prestane i Haram få stå på dette ber eg dykk om å trekkje ein anna konklusjon enn kyrkjemøtemedlem Tania Randby Garthusbli som melder seg ut av Den Norske kyrkja.
Eg ber dykk om å bli verande i Den Norske Kyrkja slik at vi i lag kan byggje den i eit opent fellesskap av dei som trur på Jesus Kristus og som har sitt fundament i Guds ord. Eg ber dykk om å bli sjølv om de kjenner det vondt slik som eg.
(Sokneprest i Haram)