Norsk

Få eg kome med eit lite indiskree spørsmål? Låste du døra før du reiste heime frå  i dag? Kvifor gjorde du det?

Kvifor har vi eigentleg eit lås i døra til huset? For å ta vare på det som er inne i huset. Det er difor det er viktig at den fungerar, sjølv om fergjene  ved alle ulempene også fungerar som ein port til øyane og som gjør at vi kan kjenne oss litt meir trygge enn kanskje folk andre plassar.

Kva er det påske handlar om? Om ein tar ein titt på programmet til NRK så ser det ut slik som om valet står mellom Krim, NM i hytteliv eller ein matfestival. Var det noko som mangla?  I alle fall ikkje om ein tar fjernsynsprogrammet for handa. Men dette her er live og de er her så tydelegvis fins det folk som meiner at det er noko som NRK har gløymd. Men kva er det, det var? Riktig, det var noko som skjedde for omtrent 2000 år sidan. Noko som folk framleis husker, men som kanskje forstyrrar påskekosen og som i alle fall ikkje er viktig nok til å bli sendt på fjernsynet i påska.

Likevel er de her og vil høyre om det som skjedde i påska for 2000 år sidan. Nokre som vil høyre om det som står i Matteusevangeliet i det siste det 28. kapittelet

I dag er det Skjærtorsdag. Dagen då Jesus feira nattverd i lag med læresveinane sine. Dagen då han sa at vi skulle feire nattverd. De fleste kjenner teksten for denne dagen.

I dag er det konfirmasjon. Ordet konfirmasjon tyder stadfesting og konfirmasjonen skal vere ei stadfesting av den kristne trua. I nesten eit år fekk eg vere i lag med ei flott gjeng.  Og det er difor står her i dag både glade og likevel med ei tåre i augo. Glad fordi eg fekk vere med denne gjengen og trist fordi eg er heilt klar over at eg ikkje kjem til å sjå desse ungdomane like ofte nå lengre. Men eg håper at det ikkje går slik som prestane og flaggermusane:

Det er ein gamal sikk i kyrkjene våre at dei fyllast bakfrå. Benkane bakarst  i kyrkja er dei som er først opptatt. Det er ikkje berre ein gong eg har fundert på kvifor det er slik. Så langt har eg ikkje klart å finne eit god svar på det. Benkane er ikkje betre til å sitte på. Dei er ikkje varmare. Dei er ikkje penare heller. Ein verken høyrer eller ser betre der. Det er vel heller ikkje slik at det berre kjem folk til kyrkja frå dei gardane som frå gamalt av hadde benkane sine lengst bak i kyrkja.  Eg er glad i kvar einskild som sitt her i dag og som sitt der elles,  men av og til lurer eg på om den einaste fordelen er at benkane er lengre unna presten og alteret? Kanskje går det går det an å sitje der og halde desse to litt på avstand? Eg veit ikkje om denne tanken stemmer. Eg er glad for alle som sitt der og som ikkje held seg ennå lengre unna slik som dei som ikkje er her i det heile tatt.

Unterkategorien