Norsk

Preiketekst: Joh 8:2-11 (NT2005)

Dette heilage evangeliet står skrive hos evangelisten Johannes i det 8. kapitlet:

Tidleg om morgonen dagen etter kom han til tempelet att. Alt folket samla seg omkring han, og han sette seg og underviste dei. Då kom dei skriftlærde og farisearane med ei kvinne som var gripen i ekteskapsbrot. Dei førte henne fram og sa: «Meister, denne kvinna har dei gripe på fersk gjerning i ekteskapsbrot. I lova har Moses påbode oss å steina slike kvinner. Kva seier no du?» Dette sa dei for å setja han på prøve, så dei kunne få noko å klaga han for. Jesus bøygde seg ned og skreiv på jorda med fingeren. Men då dei heldt fram med å spørja, rette han seg opp og sa: «Den av dykk som er utan synd, kan kasta den første steinen på henne.» Så bøygde han seg ned att og skreiv på jorda. Då dei høyrde dette, gjekk dei bort, den eine etter den andre, dei eldste først. Til sist var Jesus att åleine, og kvinna stod framfor han. Då rette han seg opp og sa: «Kvar er dei, kvinne? Var det ingen som dømde deg?» «Nei, Herre, ingen,» svara ho. Då sa Jesus: «Så dømmer ikkje eg deg heller. Gå bort og synd ikkje meir!»

Slik lyder Herrens ord.

 

Dette er dagens preiketekst. Det er ikkje eg som har peika ut denne teksten, men kyrkjerådet.  

Har de telt etter? I dag er det presis 315 / 329 dagar, til de skal arrangere konfirmasjon. Konfirmasjonen er ei stor hending i livet til ein ungdom. Og eg gler meg på ei ny gjeng med konfirmantar.

I år er det 470 år sidan konfirmasjon sidan konfirmasjon blei innført  i 1539 og den blei påbod med lov i 1736. Det er den ikkje lengre. Heldigvis! Dei siste 97 sidan 1912 har det vært ingen som verkeleg blei tvungen til å konfirmere seg. Men heldigvis er det framleis mange som melder seg på til konfirmasjon.

Eg liker å ha barn. Det kan være krevjande, men det er først og fremst gøy. Eg liker å følgje med, med det dei gjer. Av og til så leiker eg i lag med dei, men det er ikkje alle leikane som høver seg lengre når ein er godt over 30 og kroppen er tyngre og ikkje lengre like smidig. Men det minner meg likevel om barndommen når eg for eksempel ser dei klatrande i eit tre. Og av og til lurer dei meg med til å prøve både det eine og det andre og slik kan det likevel hende at ein kan finne ein voksen mann oppe i eit tre. Men det er eit skjeldent syn både i dag og det var det for 2000 år sidan.

Preiketekst: Matt 28:16.20

Andakt: Det er for tida ei farge som dominerar: Grønt! Sol og regn fekk både blada og graset frem.  Nå veks det alle plassar.  Også i kyrkja blir det grønt som dominerar nå. Etter dei 50 dagar mellom påske og pinse med kvit som festfarge og raud fargen til Den Heilage Ande som vi brukte til pinse, er no grønt som er den liturgiske fargen. Grønt: Denne faren står for vekst. Den kristne trua må vokse. Den er ingen eingangshending  som ein berre har og som ein hentar frem når ein kjenner behov. Trua er heller som ei plante som vil vokse og utfolde seg.

Av og til kjem ein av mine tre små og roper ikkje høgt: Papa, men kjem stille og spør Papa? Og når papa er våken da og klarer å svare ja temmeleg raskt, så kan han få høyre både den eine og den andre løyndomen. Og papaen blir gla nå borna hans kjem til han, nå dei fortel til han kva som bekymrar dei, når dei spør om hjelp, når han får trøyste dei eller når han ein gong i bland skal snakke for dei. Det er godt å vite at dei er trygge på papaen sin og at dei stoler på han.

Unterkategorien