3. Utfordringar for parochialprinsippet
Det territorial organiserte parochialsystemet blei brukt som eit instrument for å sikre at det kristne budskapet blei forkynt til alle. Dette blei gjort med å sikre forkynninga og sakramentsforvaltninga i geografisk avgrensa små samfunn. Livshorisonten til folket var på same måten først og fremst geografisk avgrensa. Slik fungerte systemet i mange kyrkjesamfunn i mange hundre år.
Til tross for dette har systemet også blitt utfordra : Den iroskotske munkekyrkja med sin fleksible og mindre klerikale struktur og sin fromskap utfordra parochialprinsippet, men då kyrkja blei overtatt og tilpassa den romerske biskopskyrkja blei parochialsystemet oppretta også på dei britiske øyane.
I mellomalderen var det for det meste vandrepredikantar og kloster som utfordra systemet. Når parochiene var for store, fylte prester som for eksempel var medlem i dominikanar- eller fransiskanarorden, dette tomromet. Dette førte igjen til at parochia blei tilpassa. Det var først og fremst folkeveksten og ordenssamfunnet som tok dette på alvor som var utfordringa til parochialsystemet, men livshorisonten til folket var framleis geografisk bestemt. Reaksjonen var difor å tilpasse parochialstrukturane til folketalet og geografien.
I det postmoderne samfunnet er det først og fremst i byane utfordringane krystalliserer seg, men også på landet møter ein liknande utfordringar[2]:
- Mobiliteten: Det er ikkje lengre geografien som bestemmer livshorisonten. Eg sjølv er født i DDR, har budd i fire land og flytta gjennomsnittleg anna kvart år. Vennekretsen min strekker seg frå Kamerun til Vadsøog frå Irak til Frankrike. Og sjølv om det kanskje er eit litt ekstremt eksempel, så er det eit faktum at vi er meir mobile enn før. Vi har tilgang til bil og vi reiser med fly. Vi bruker internett og telefon. Livshorisonten til mange har blitt lokal eller i det minste nasjonal. Mange av klassekameratane mine måtte flytte til byer i Vest-Tyskland og sjølv om dei var aktive i heimekyrkjelydane sine, veit dei no knapt kva kyrkjelyd dei høyrer til. Men dei held kontakt med kyrkjelyden på heimplassen.
Det er også mange som er vekependlarar og som berre er heime i helgane. - Fritidssamfunnet: Vi har mykje fritid og vi vel, korleis vi bruker den. Truslivet og engasjementet er for dei meste ein del av fritida. Og om dei vel kyrkja er det ikkje sikkert at dei vel den der dei høyrer til.
Særleg i byane der det er mange tilbod, må kyrkja kjempe om plassen sin og tida til folket. Der er også mange kyrkjer med små avstandar som gjer det mogleg å velje innanfor det kyrkjelege spektret.
Nokre misjonsorganisasjonar prøver å posisjonere seg på dette ”torget” med eigne bedehuskyrkjelydar. - Møteplassar: Kyrkja er ikkje lengre den naturlege møteplassen slik som den var før. Det er ikkje lengre slik at det er på konfirmantundervisninga eller på veg til kyrkja at ein møter sin framtidige ektefelle. Kyrkja og presten står ikkje lengre like sentralt i samfunnet som dei gjorde før. Søndagen blir brukt til mange aktivitetar og er ofte ein av dei travlegaste dagane i veka, særleg for dagens patchwork familiar. Bortsett frå kjernekyrkjelyden som møter opp jamt og trutt , er kyrkja for dei fleste noko ein brukar når ein har behov for det.
- Nettverk: Det er ikkje lengre geografien som er livshorisonten til folket. Geografien har blitt erstatta av dei personlege nettverka. Menneska er ein del av forskjellige nettverk: familien, jobb, vennane, klubb og andre fritidsfellesskap. Ute i distriktet er desse framleis i større grad bestemt av geografien, men i byane har geografien berre liten betyding.
- Individualismen: Det var humanismen og renessansen som oppdaga individet og som leia fram til modernismens individualisme og som har individet som absolutte målestokk. Individualismen har prega samfunnet i alle vestlege land. Å vere einsarta, å kunne bestemme sjølv og å kunne velje for seg sjølv, er høge ideal i dagens samfunn. Kyrkja er først og fremst eit fellesskap. Herren Jesus Kristus og fellesskapet i trua på han er viktigare enn den enkelte. Det finns forskjellige åndelege behov også i individualsimens tid. Det kristne fellesskapet kan levast også på forskjellige måtar og det er langt ifrå sikkert at kvart individ finn fellesskapsforma si akkurat i det parochiet dei bur i.
- Avfolking og urbanisering: Fram til i dag har parochialsystemet i mange områder sikra kyrkjeleg betening sjølv for dei audaste plassane. Men i globaliseringens tid er flyttepresset minst like stor som ved folkevandringa ved slutten av det romerske rike. Denne gongen er det ikkje folkestammer frå Asia som tvinger folk til å flytte, men arbeidsplassane. Det er ein reell diskusjon i Aust-Tyskland om ein skal skru av heile regionar fordi det bur berre så få og gamle folk der at ein ikkje lengre har råd til å oppretthalde forsyninga med post, næringsmiddel, offentlige tenester som for eksempel skule eller telekommunikasjon, straum, vatn, kloakk eller veger. Også eit av sokna mine i Noreg har i løpet av berre 20 år mista halvparten av befolkninga si. Det er nå færre enn 200 innbyggjarar på denne øya og gjennomsnittsalderen er godt over 60. Har kyrkja framleis råd til å oppretthalde parochialsystemet også i desse områda? På andre øyer held folketalet seg berre fordi mange har mange barn, men mange flytter og berre får kjem att. Kan ein framleis tenkje berre lokalt, parochie , når det gjeld rekruttering og utdannig av frivillige? Mange forsvinn til byen og dukkar aldri opp i kyrkjelydane der.
Utfordringane til kyrkja er i dag kanskje større enn nokon gong og det hjelper lite å berre tilpasse parochialsystemet til folketalet og geografien. Det postmoderne samfunnet set eit spørsmålsteikn bak heile systemet som baserer seg som territorialsystem på geografien.