Beitragsseiten

6. Oppsummering

Parochialsystemet er eit gamalt system og har sine fordeler: Det sikrar ei brei kontaktflate til folket. Alle får ein kyrkjelyd der dei høyrer heime og den sikrar kyrkjeleg betening for alle medlemmar. Kyrkjelyden kan byggje opp ein relasjon til medlemmane sine. Men den kan også virke passiviserande og er i seg sjølv veldig lite fleksibelt. Slik er den dårleg eigna til å møte dagens utfordringar i ei postmodern verd. Det er fleksibilisering som er sjansen og utfordringa for systemet. Eit fleksibelt parochialsystem som gir rom til nye kyrkjelydsformer, til nettverks- og personbaserte kyrkjelydar, eit fleksibelt medlemskap i kyrkjesamfunnet som har fokuset først og fremst på folket og oppdraget vårt og mindre på system, prinsipp og geografien vil kunne være eit godt utgangspunkt for framtida. Men det er nettopp fleksibiliteten som må til for at det ikkje skal bli til ein bremsekloss. Det finns mange gode modeller og idear både i Noreg, England, Tyskland og andre land og mykje er allereie mogleg innanfor den norske kyrkja. Forsøksordninga med valkyrkjelyd er ein god veg, men den er etter mitt syn ennå for komplisert og byråkratisk. Eg har lyst til å  utfordre kyrkja mi i tillegg med tre konkrete ting:

  • Utform medlemsskapet meir fleksibelt som dei gjorde i Sachsen.
  • Legg til rette for at fleire kyrkjelydar kan koma inn som kategorialkyrkjelyd.
  • Ha god vilje og vær fleksibel, spesielt til nye og ukonvensjonelle kyrkjelydsplanter, prøv å finn plass for dei i kyrkja vår.

 

 

 

Michael Hoffmann

1.6.2006

 



[1] TRE, Bd. 26, s 338

[2] Sjå: Mission-shaped church: chrurchplanting and fresh expressions of church in a changing context, London: Church house publishing 2004, s 1- 7.

[3] Sjå: Finney, John, Emerging evangelism, London: Darton-Longman-Tod 2004, s 104.

[4] Sjå: Mission-shaped church: chrurchplanting and fresh expressions of church in a changing context, London: Church house publishing 2004, s 127-129.

[5] Sjå Saksorientering KM09/05 Valkyrkjelydar på www.kirken.no