4. Parochial versus personal
Det klassiske alternativet til eit territorialt system som parochialsystemet er eit personbasert system.
Parochial baserte kyrkjelydar baserer seg på alle dei medlemane av eit kyrkjesamfunn som bur i eit visst område. Alle medlemmer av eit kyrkjesamfunn blir i utgangspunkt definert inn i ein kyrkjelyd. Det er kyrkjesamfunnet som definerer medlemsskapet i kyrkjelyden. Kyrkjesamfunn som er organisert etter parochialprinsippet har oftast ei fortid som stats – eller i det minste folkekyrkje. Både Den Norske Kyrkja, Church of England, den romersk-katolske kyrkja og dei tyske Landeskirchen er stort sett organisert etter dette prinsippet. Kyrkjesamfunn som er organisert etter parochialprinsippet og som organiserar ein stor del av befolkninga, får ofte ein del støtte frå staten enten direkte eller gjennom kyrkjeskatt.
Fordelen med dette prinsippet er at alle får ein kyrkjelyd der dei høyrer heime og at den sikrar kyrkjeleg betening for alle medlemmar. Kyrkjelyden kan byggje opp ein relasjon til medlemmane sine.
Ulempene er at ikkje alle føler seg heime i den kyrkjelyden der dei høyrer til og at ein viss del av befolkninga i eit område må være medlem av kyrkjesamfunnet for å kunne oppretthalde dette systemet.
Personbaserte kyrkjelydar baserer seg på eit personleg medlemsskap i kyrkjelyden. Kyrkjesamfunn som har personbaserte kyrkjelydar definerer seg sjølv som kyrkje som fellesskap av alle medlemar i dei kyrkjelydane som er del av dette kyrkjesamfunnet. Her er det medlemsskapet i kyrkjelyden som definerer medlemsskapet i kyrkjesamfunnet. Kyrkjesamfunn som er organisert etter personprinsippet har gjerne ei historie som frikyrkjer som for eksempel adventistkyrkja eller Den Evangeliske Kyrkje av dei Bøhmiske Brødrane, den største protestantiske kyrkja i Tsjekkia. Kyrkjesamfunn som er organisert etter personprinsippet får pengane til arbeidet sitt for det meste berre gjennom medlemsavgiftar som dei krev inn sjølve og gjennom gåver.
Ein av fordelane til personprinsippet er at dette systemet krev og motiverer til meir engasjement i kyrkjelyden, sidan det er ei personleg avgjersle å være del av kyrkjelyden. Medlemmane har allereie ein relasjon til kyrkjelyden sin. Personprinsippet gjer det enklare og meir fleksibelt å tilpasse kyrkjesamfunnet til det postmoderne samfunnet. Det er enklare å opprette for eksempel nettverksbaserte kyrkjelydar, å flytte eller omorganisere kyrkjelydar, eller å leggje dei ned. Personprinsippet gjer det også enklare å organisere ein kyrkjelyd der ein mindre del av befolkninga er medlemmer av kyrkjesamfunnet, fordi ein slipp å være alle plassar. Ulempene er at det kan være ein veldig høg terskel å melde seg inn i eit slikt kyrkjesamfunn og at slike har det vanskeleg å nå fram til alle som ynskjer det .
Personprinsippet og personprinsippet? er hovudmodellar korleis ein kan organisere eit kyrkjesamfunn. I praksis vil ein nesten alltid finne element av både den eine og den andre modellen. I mellomalderen fantes det ved sidan av dei parochial organiserte kyrkjelydane under biskopens tilsyn også personbaserte kyrkjelydar i tilknyting til kloster eller munker som gjerne prøvde å trekkja seg under biskopens tilsyn. Det er ofte eit ”både og”, sjølv om nokre kyrkje samfunn som Den Norske Kyrkja baserer seg nokså sterkt på eit av prinsippa.