Norsk

Eg var på Fjørtofta. Med barn frå barnehagen og barneskulen vandra vi gjennom påskeveka. Inne i kyrkja følgde vi Jesus frå Jul og fram til påske. Vi såg Jesus som 12åring i templet og vi blei hans disiplar. Det passa godt sidan vi var akkurat 12 stykkar. Så stoppa vi på palmesundag og ridde med Jesus inn i Jerusalem. Vi opplevde nattverden og fotvaskinga på skjærtorsdag og sløkka Kristuslyset på langfredag. Og vi gleda oss over oppstoda på første påskedag.

Jesus skal ha eit siste måltid i lag med disiplane sine. Pesah festen. Festen som skal minne Israelsfolket om det at Gud leia dei ut av slaveriet i Egypt. Festen skal minne om frigjeringa. For Jesus og disiplane blir dette pesah måltidet den siste nattverden.

 

 

På baksida av songarket finn dokke eit bilete. Bilete er ei teikning av kunstnaren van Rijn som på 1600tallet levde i Holland. Han var kanskje den mest kjente malaren i den nederlandske barokken. Men også han måtte oppleve mange tunge stunder. Berre to av hans 5 barn blei voksen og han

Det er ikkje alltid så enkelt å leve sin kristne tru. Det å ta trua si på alvor har skjeldent vært populær. Og det er skjeldent det er behageleg. Også i dag er det ikkje det mest behagelge å være her ute i dag. Men vi er her i alle fall frivillig. Men det ingen sjølvfølje at vi har eit bedehus eller ei kyrkje til å møtast. Det er ofte sanninga som er minst populær. Og den som fortel om det er det heller ikkje. Det fortel også preiketeksten om.

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Johannes i det 15. kapitlet:

Jesus sa: Når talsmannen kjem, han som eg skal senda dykk frå Faderen, Sanningsanden som går ut frå Faderen, då skal han vitna om meg. Men de òg skal vitna, for de har vore med meg frå det fyrste. Dette har eg sagt dykk så de ikkje skal førast til fall. Dei skal støyta dykk ut or synagoga.

Unterkategorien