Norsk

Har de høyrt det … Han og ho … eit ord går frå mund til mund. Eit rykte sprer seg. Ordet som går er ikkje alltid sant.

Då eg var eit barn og budde i Libya fekk vi frå ein eller anna plass ein liten bok, det var grøn og på Framsida stå det: ”Korleis ein ber” I boka skreiv dei om korleis ein skal foreta den muslimske bøna med vask, kor mange gongar ein skal knele ned kor ofte og korleis ein skal bøye seg og så vidare - alt som høyrer til.

Også Jesus har fortalt fleire gongar om korleis vi skal bed de husker kanskje

Matt 6:9-13

Difor skal de be såleis:

Fader vår,

du som er i himmelen!

Lat namnet ditt helgast.

[10] Lat riket ditt koma.

Lat viljen din råda på jorda

så som i himmelen.

[11] Gjev oss i dag

vårt daglege brød.

[12] Forlat oss vår skuld,

som vi òg forlèt

våre skuldmenn.

[13] Før oss ikkje ut i freisting,

men frels oss frå det vonde.

For riket er ditt,

og makta og æra i all æve.

Amen.

 

For Jesus er det ikkje viktig korleis og kor du ber, men at du ber og kva du ber. Dette blir også tydleg i sundagens preiketekst:

 

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Lukas i det 18. kapitlet:

Jesus fortalde ei anna likning til nokre som trudde om seg sjølve at dei var rettferdige, og såg ned på alle andre: To menn gjekk opp til templet og ville be. Den eine var farisear og den andre tollar. Farisearen stelte seg opp og bad såleis: "Eg takkar deg, Gud, fordi eg ikkje er som andre menneske, som svindlar, gjer urett og bryt ekteskapet, eller òg som den tollaren der. Eg fastar to gonger i veka og gjev tiend av alt eg tener." Tollaren stod langt nede; han ville ikkje eingong lyfta augo mot himmelen, men slo seg for bringa og sa: "Gud, ver meg syndaren nådig!" Eg seier dykk: Tollaren gjekk heim rettferdig for Gud, den andre ikkje. For kvar den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt.

Slik lyder Herrens ord.

 

Å be det er å møte gud, å bed det meiner å ta kontakt med gud. Å be det er nesten som å ringe til Gud. Og han, han lyttar.

Eg er ein mann og eg veit nok at mannfolka ofte har eit litt anna forhold til telefonen enn damene. Eg ringer nå eg har noko eg skulle har sagt, når eg har noko eg har lyst til å fortelje eller å spørje om. Når kona mi ringer nokon eller utfordrar meg til å ringe nokon til ringe nokon så gjer ho det for å halde kontakt. Og når eg slik ringer for eksempel til mora mi då få eg også vite korleis broren min har det, sjølv om eg ikkje snakkar så mykje med han. Og han får vite korleis eg har det.

Det er i grunn to funksjonar i ein samtale har det eine er å formidle informasjon og det andre er kommunikasjon som meiner å skape fellesskap.

Og det å be, det at vi snakkar  med gud skapar fellesskap både med han og med andre som ber til han. Og trua treng fellesskap, den kristne trua er ikkje privatpraktiserande. Den lever ikkje eit liv for seg sjølv, men trenger fellesskap med gud og andre truande, det fellesskapet som vi kallar for kyrkja, Jesu Kristi kyrkje på heile jorda.

Når farisearen ber "Eg takkar deg, Gud, fordi eg ikkje er som andre menneske, som svindlar, gjer urett og bryt ekteskapet, eller òg som den tollaren der. Eg fastar to gonger i veka og gjev tiend av alt eg tener." Då er det han gjer gale ikkje det at han takker gud. Tvert imot: Vi har mykje vi kan takke gud for og vi gløymer det alt for ofte: vi har borna våre, vi har nok mat og til og med velstand, vi lever i fred og frileik. Det er viktig å bli bevisste på kor mykje vi har og at det er ingen sjølvfølgje men noko vi kan takke for.

Det han gjer galt, det trur at han ikkje treng guds nåde. Han trur at han er rettferdig av seg sjølv, av det han er og gjer. Men også mellom han og gud ligg synda, også mellom han og gud er det ein avstand, ein av stand som han ikkje klarer å kome over. Med det han ber gjer han den berre ennå større. Han ynskjer å ha eksklusivt. Han ynskjer å stengje andre av fellesskapet. Gud trengjer ikkje å høyre at vi roser oss sjølve, han ser kva vi gjer og han ser inn i oss og ser kvifor vi gjer det. Han vil ikkje at vi stengjer ut andre.

Slik som tollaren skal vi være bevisste at vi er avhengige av guds nåde. Og det fine er at vi kan stole på denne nåden. I Jesus Kristus gjekk gud sjølv opp på korset for å slette ut syndene og for å vise oss kor stor nåden hans er.

Vi skal be til gud. Vi skal ikkje be for å stengje ut andre eller berre for å rose oss sjølve, men bi skal be for medmenneska våre og for verda vår. Og vi skal takke han, takke han for alt det fine vi har fått. Og så kan vi be han om hjelp ingen ting er for liten for han og ingen for stor. Vi skal be og halde kontakten med gud. Og difor synes eg det er viktig med bordvers og kveldsbøn både for dei store og dei små. Og om dokke synes at ”Kjære gud” ikkje passar for dei som er over 30, kvifor ikkje be eit Fadervår som kveldsbøn? Men det er viktig å halde kontakten og å be!

 

Dette heilage evangeliet står skrive hos evangelisten Matteus i det 1. kapitlet:

Ein engel frå Herren synte seg for Josef i ein draum og sa: «Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den heilage ande. Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.»

Slik lyder Herrens ord.

 

Det første eg kjenner når eg les denne teksten her på Fjørtofta er eit sakn. Eg saknar borna. Det er akt for lenge sidan vi døypte det siste barnet frå Fjørtofta. Og hadde det ikkje vert ho Terese hadde det vært ennå lengre.

Då eg besøkte 5.-klassingane på skulen snakka med ein dag om det gamle testamentet og om mykje som blir fortalt om der. Vi snakka om gud sin historie med Israelsfolket og om Abraham, Lot, Isak, Esau, Josef, Ismael, Jakob, Moses, Josva, David, Saul, Samuel, Salomo – ein masse viktige gamle karer.

Anhänge:
DateiBeschreibungErstellerDateigröße
Diese Datei herunterladen (080120 longva.ppt)080120 longva.ppt Michael Hoffmann636 KB

I går var det askeonsdag, byrginga på fastetida. Dette er ein dag i kyrkjeåret vårt som er nest gløymd. Kva er det du tenkjer på når du høyrer ordet faste?

Er det meir fastelavnsbolle eller heller slankekur? For dei fleste har fast i alle fall noko med mat å gjøre.

Unterkategorien