Norsk

Det er ikkje så ofte at eg får ein tekst frå salmanes bok til å preike over. Denne boka er kanskje den poetiske boka i bibelen. Og mest sannsynleg  fants det også melodiar til tekstane. Men diverre: det er berre tekstane som er att. Og kanskje er det ikkje så dumt heller, då slepp nemleg dokke å høyre på at eg syng preiketeksten:

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Matteus i det 6. kapitlet:

 

Jesus sa: Samla dykk ikkje skattar på jorda, der mòl og makk øyder, og tjuvar bryt seg inn og stel. Men samla dykk skattar i himmelen, der korkje mòl eller makk øyder og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel. For der skatten din er, der vil hjarta ditt òg vera. Auga gjev lekamen ljos. Er auga ditt friskt, vert heile lekamen ljos. Er auga ditt sjukt, vert heile lekamen mørk. Er no ljoset i deg mørker, kor djupt vert ikkje mørkret då! Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.

Fylgde du med på valet i USA denne veka? Eg kjenner til folk som satt oppe heile natta for å følgje med. Om morgonen var det mange som helste på kvarandre med ”Han har klart det”. Eg er fasinert av denne mannen. Visste du at ”Barak” på hebraisk tyder ”velsigne”. Barak Obama har karisma, han klarer å fange menneske. Og eg liker denne ”Yes we can”.

Julepølse, julebakst, juleøl, billettane og reiselista slik at ein rekk å besøke alle slektningar og ikkje minst gåvene … Har du alt på plass, slik at jula kan kome? Det skulle no være god tid. Denne her: julemarsipanen fekk du allereie handle i september. Har du alt på plass eller er det noko som manglar?

Preiketekst:Luk 2:1-14

 

”I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heileverda. … ”

 

Jul? Kvaer det du kjem i hug når du høyrer dette ordet? Den første gongen eg fekk møtejul i år, det var ein gong i september  ”Mens vi venter –julemarsipan”.  Så er det mange merkevarer med ordet jul: Julehandel med julegåver, juleøl, julebrus, julepølse og ”alt mogleg jul”.

Unterkategorien