Norsk

Det som det er så vanskeleg å spør om.

 

Matt 19:4-6

Han svara: «Har de ikkje lese at Skaparen frå opphavet skapte dei til mann og kvinne  5 og sa: ' Difor skal mannen forlata far og mor og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt'?  6 Så er dei ikkje lenger to; deira liv er eitt. Og det som Gud har bunde saman, det skal ikkje menneske skilja.»

OK! OK! Dette er ikkje preiketeksten for sundagen og  eg må nok skuffe dei som ynskjer å lese om Satans engel som plager apostelen Paulus i andre korintarbrev (2 Kor 12:7-10).

En spegel. Kva bruker vi spegelen til? Til å sjå ansiktet. Og det er ikkje alltid slik at vi liker det vi ser. Det er ikkje alltid behageleg å sjå meg sjølv i spegelen. Det er av og til vanskeleg å sjå meg sjølv i spegelen særleg om morgonen. Av og til er det slik at ein må sei: Eg kjenner deg ikkje, men eg vaskar deg likevel.

I dag skal de få noko å tygge på: Eg har tenkt å gi dykk litt brød.

Kva er brød? Brød er ein av dei eldste matvarene som vi kjenner til. Så snart menneska klarte å male mjøl, kunne dei også bake brød. I mange tusen år var det nok først og fremst flatbrød, fladebrød som blei steikt. Framleis snakkar vi om nysteikt brød sjølv vi baker brød.

Heva brød blei først oppfunnet i Egypt for sirka 5000 år sidan.

Dette er handlelista mi. Jo da, eg må jo huske alle dei gåvene eg må kjøpe. Har ikkje dokke noko handleliste i hovudet eller på papir? Nei? Er dokke ikkje klare over at det er på høg tid å få handlelista på plass nå? Kvifor ? Jo folkens er ikkje dokke klare over det? Det er berre 9 månadar fram til jul. Det er berre 9 månadar fram til jul og korleis skal eg klare å skaffe gåver til alle mine som har nok frå før om ikkje eg set i gong med det nå? Nei 3 månader med pause frå julerysjet må være nok!

 

Etter konfirmasjonen i fjor skjedde det ting som gjorde at eg lurte på om eg skulle gjenta preika med vinglasset opp på preikestolen for å minne konfirmantane om : Ef 5:18

Drikk dykk ikkje fulle av vin; det fører til ageløyse. Men vert fylte av Anden.

Unterkategorien