Norsk

Dette heilage evangeliet står skrive hos evangelisten Johannes i det 2. kapitlet:

Tredje dagen var det eit bryllaup i Kana i Galilea. Mor til Jesus var der. Også Jesus og disiplane hans var bedne. Då det var slutt på vinen, sa Jesu mor til han: «Dei har ikkje meir vin.» «Kva vil du meg, kvinne?» svara Jesus. «Min time er enno ikkje komen.» Då sa mor hans til tenarane: «Det han seier dykk, skal de gjera.»

Det var onsdag og eg var langt borte heime frå. Det var i eit muslimsk land at eg fekk høyre lyd som minna meg på kyrkjesong. Ein venn gjorde meg oppmerksam på lyden. Det var kyrkjesong. Eg klarte ikkje å bestemme kva språk det var, men det var kyrkjesong. Kyrkjesong på ein onsdag? Vi reiste oss og gjekk eit stykke ditt vi høyrte songen i frå. Ute på vegen var det mange menneske. Alle var på veg til den same skulen. Og inne på skuleområdet var det stappfullt av menneske. Borte i eit hjørne var det eit kapell, men også alle ute på plassen var med på å feire gudsteneste. Dei blei velsigna og dei stå i kø for å få nattverden. Det var folk der frå alle kontinenta og dei feira i lag der i emirata. Dei blei Herrens kyrkje der. Men kvifor feira dei på ein onsdag? Då gjekk det opp for meg at det var askeonsdag, den første dagen i fastetida. Kvifor har ei fastetid? Kvifor feirar ein starten av fastetida? Kva meiner det å fast i dag?

Det er ein tekst som på mange måtar er ein nøkkel til desse spørsmål:

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Matteus i det 4. kapitlet:

Sidan førte Anden Jesus ut i øydemarka, så djevelen skulle freista han. Han fasta i førti dagar og førti netter, og til slutt vart han svolten. Då kom freistaren til han og sa: "Er du Guds Son, så sei at desse steinane skal verta til brød!" Jesus svara: "Det står skrive: Mennesket lever ikkje berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Guds munn."
Då tok djevelen han med seg til den heilage byen, sette han på det ytste hjørnet av tempelmuren og sa: "Er du Guds Son, så kast deg utføre! For det står skrive:

Han skal gje englane sine påbod om deg,
og dei skal bera deg på hendene,
så du ikkje støyter foten på nokon stein."

Men Jesus svara: "Det står òg skrive: Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve."
Så tok djevelen han med seg opp på eit svært høgt fjell og synte han alle verdsens rike og deira herlegdom og sa: "Alt dette gjev eg deg om du fell ned og tilbed meg." Då sa Jesus til han: "Gå frå meg, Satan! For det står skrive:

Herren din Gud skal du tilbe,
han og ingen annan skal du tena."

Då gjekk djevelen frå han, og englar kom og tente han.

Slik lyder Herrens ord.

” Faste er vanlig innen ulike religioner som en tid av refleksjon, bønn, åndelig fornyelse, rensende prosess, botgjøring med mer.” Slik står det i leksikonet mitt og så står det meir om ulike fastetradisjonar i ulike religionar og ulike land.

Ei tid av refleksjon, bøn, andeleg fornying, ein reinsande prosess, botgjering. Sjølv om faste vanlegvis blir kopla saman med mat er mat berre eit element i dette. Faste det er ei tid av refleksjon, bøn, andeleg fornying, ein reinsande prosess, botgjering. Fastetida det er ei tid for gud.

Jesus går ut i ørkenen etter at han blei døypt og før han kallar disiplane sine. ” Han fasta i førti dagar og førti netter” før han byrjar med å forkynne. Jesu fastestid er ei førebuing på det som kjem etterpå. Fastetida skal også førebu oss, den skal førebu oss på påske. Fastetida utfordrar oss til å førebu oss på Jesu Kristi liding, død og oppstode.

Kvifor Jesus gjorde det, kvifor han døde på korset for oss, det er ikkje å forstå, det er berre til å tru. Er det berre til å tru? Nei det å tru er ikkje berre, i alle fall ikkje ”berre, berre”. Det er mykje inne i oss som stenger av for det. Det er så mykje i hovudet og i hjerta våre som stenger gud ute.

Vi er opptatt, travelt opptatt. Det er mykje som krev plass og tid i både hjerta våre: Der er det internettet, der er alle faktura som kjem inn kvar dag og som skal betalast, det den neste reisa som står for tur, det er familien, fotballen, pengane. Eg fordømmer ingenting av dette men det er våre eigne ynskjar  og val som bestemmer over alt dette. Det er ikkje trenaren som bestemmer at eg må spele fotball. Det er eg sjølv. Det er eg sjølv som bestemmer med kor mykje aktivitet eg lager i banksektoren og næringslivet med ordrane mine. Det er eg sjølv som prioriterar og ikkje andre. Og det er eg sjølv som bestemmer kor mykje plass gud skal få i livet mitt. Det er eg sjølv som bestemmer om eg går på gudsteneste eller ei, det er eg sjølv som bestemmer kor mykje tid eg bruker til å lese i bibelen eller til å be. Det er eg sjølv som bestemmer kor mykje tid eg bruker til å engasjere meg for gud.

I dag handlar det ofte ikkje om å ha tid, men om å ta seg tid. Og til dette kan det hende at vi må si nei til nokre ting: Nei til våre eigne ynskjer, planer og ider. Men samstundes blir vi fri, fri for gud. Vi blir fri for gud.

Fastetida er ei førebuingstid. Ei tid til å rydde plass til gud. O g dette meiner i dag og ei tid til å si NEI. Fastetida er ei tid til å si ”NEI, TAKK” for å få meir tid for gud. Det er mykje i denne verda som freistar oss til å bruke tida og ressursane våre på. Og det er ei utfordring for oss  alle saman. Samstundes kan freistingane vi møter være nok så forskjellige: Fotball fer i alle fall ingen freisting for meg, mens internettet kan være ei nok så stor. Fastetida utfordrar oss til å avgrense oss sjølv og våre behov til fordel for gud. Faste tida er utfordring til å sei Nei til fordel for gud.

Jesus klarte å si NEI til djevelen. Han klarte å stå imot alle freistingar, han klarte å gå den tunge vegen til korset og han stod opp for oss. Dette er grunn til feire. Gud utfordrar til å gi han meir av oss. Kvifor ikkje starte med å feire han. Gud har gitt oss så mykje. Og sjølv av det vi kunne har gitt han att er det mykje vi ikkje klarer å gi.

 

 

”Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan skal du tena.”

 

Denne utfordringa gjeld oss ikkje berre fastetida men særleg i fastetida.

AMEN

 

Nå er det litt meir enn ei veke sidan vi kom inn i fastetida. Tida frå askeonsdag og fram til langfredag skal nå være ei fastetid. Men kva er det? Ei fastetid?

”Faste er vanlig innen ulike religioner som en tid av refleksjon, bønn, åndelig fornyelse, rensende prosess, botgjøring med mer.” Slik står det i leksikonet mitt.

Dette heilage evangeliet står skrive hos evangelisten Lukas i det 11. kapitlet:

Ein gong dreiv Jesus ut ei vond ånd som var stum. Og då den vonde ånda hadde fare ut, tala han som hadde vore stum. Folket undra seg. Men nokre av dei sa: «Det er ved hjelp av Beelsebul, herskaren over dei vonde åndene, at han driv dei vonde åndene ut.» Andre ville setja han på prøve og kravde eit teikn frå himmelen av han. Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei:

Det står skrive i Johannes’ første brev i det 5. kapitlet:

Dette er vitnemålet: Gud har gjeve oss evig liv, og dette livet er i hans Son.

Unterkategorien