Allerhelgensdag - Avskjed - Åp 21,1-5a
Når eg skriver denne andakta er eg langt borte frå Haram. Eg sitt mitt i Prag, midt i Europa. I dag tidleg reiste eg frå mine kjære. Og det er nesten alltid trist å ta avskjed. Når eg reiser er det eit tomrom som blir att etter meg, og det er dei som kjenner dette tomromet. Mens eg som reiser få oppdage nye ting, eg få treffe gamle kjente og nye folk. Men også for meg er det vemodig å reise frå mine kjære. Det er trist å ta avskjed, men allereie på måndag kjem eg att og då er vi samla igjen. Likevel er det alltid litt vemodig og tirst å ta avskjed. Det er nok for det meste mykje kjekkare å reise i lag.
Communjo viatorum - Heb 3
Det var i haustferiane eg sist var i Tsjekkia. I ei veke var eg gjest i ein kyrkjelyd for å følgje med korleis dei er kyrkje der dei er. Eg var i ein småby ikkje så langt unna frå Pilsen. Det er berre 10% av befolkninga der som er med i eit kristen trussamfunn og berre 10 % av dei igjen er protestantar. Dvs. berre litt over 1 % av befolkninga er protestantar. Kanskje 60 av 50.000.
Det er det eg kallar ei misjonssituasjon. Men korleis klarer dei å være kyrkje når dei er så få?
Heime åleine - Sal 73
Har du nokon gang vert heime åleine, kanskje til og med om natta? Korleis er dette?
Eg husker godt ei av dei første kveldane eg var heime åleine. Foreldra mine var berre nokre få meter unna i eit av nabohusa. Men så gjekk straumen. Aldri før hadde eg kjent meg så einsamt, aldri før hadde eg kjent meg så åleine. Aldri hadde eg kjent meg så åleine, som då eg ikkje kunne be, før eg fant ord slik som dei som står i salmane si bok i bibelen:
Dagane blir kortare - Sal 73
Dagane blir kortare. Det blir mørkt ute. I tankane mine er det framleis eit vers frå ”No livnar det i lundar som” heng igjen: ” Du vår med ljose dagar, med lengting, liv og song, du spår at Gud oss lagar ein betre vår ein gong”. Ja eg lengtar etter summaren allereie nå, sjølv om det framleis er 2 månader att til jul.
Kan du snakke? - Mark 7
Det er av og til at ein kan kjenne det i halsen. Ein veit ikkje kva det er for noko. Og ein veit ikkje kva ein skal gjera med det heller. Det liknar litt på ei forkjøling, en er det er nok ikkje det. Det er heller ikkje nokon skikkeleg klump i halsen eller kanskje litt meir ein klump i magen. Resultatet er uansett det same: Ein blir mållause. Ein blir mållause når det blir mogleg å vitne om trua si. Er ein redde for at nokon tenkjer ”Har han ikkje noko anna å snakke om?” Ein kjenner seg kanskje ikkje skikka til å snakke om trua. Ein er redde for at den andre kjenner seg utsett for misjon. Eller det berre ikkje høver der og då. Og det finns sikkert mange gode grunner for å ikkje snakke om trua si, sjølv vi veit at vi har eit oppdrag til det.