Beitragsseiten

5.     I møte med familien

5.1.          Å møte familien

Vi møter individ, ikkje ei gruppe og det gjeld å være opne og imøtekomande. Gjestfriheita står stort blant dei fleste muslimane[38]. Når døra først blir opna vil ein nesten alltid bli bedt inn. Det er nok ikkje like dramatisk som i Forrest Gump: ”Det er en del av utstyret som kan bety forskjellen mellom liv og død: Sokker”[39]. Men ein bør nok ha sokkane i orden. Ein tar av seg skoa ved inngangen og sett seg ned enten på sofaer eller på golvet. For kvinner kan det være ein fordel å ha eit skjerf med seg som dei kan ha på hovudet så lenge dei er i same romet som menn. Slike enkle grep kan hjelpe til at verken vi eller dei vi møter mister merksemda pga. småirritasjonar.

Det er heller uvanleg å gå rett på sak[40]. Ein vil som oftast bli spurt om å drikke litt te eller kaffi. Dette kan skje som ein slags refleks sjølv om ein allereie på veg inn har antyda eller fortalt kvifor ein er komen. Familien er for muslimar ofte ganske viktige[41]. Dei er ofte mindre individualiserte[42] og det kan difor hende at fleire medlemmer av familien blir tilkalla når presten er der og før ein eigentleg har realisert kvifor presten er der. Ein bør ikkje avvise dette sidan familien også kan være ei stor støtte for kvarandre når bodskapen er komen fram.  I samtalen er det viktig at ein slår ned blikket i alle fall overfor det motsette kjønnet, som kan tydast som tilnærming,  men ein bør også være forsiktig med intensiv blikkontakt innanfor det same kjønnet[43], som kan forståast som aggresjon.

Når ein møter familien kan det også oppstå ein situasjon der ”The women were preparing [something like] a great feast in the back room, and we [men] talked in the front.”[44] eller at kvinna eller kvinnene ikkje viser seg i det heile tatt.[45] Dvs. at kvinner og menn samlast på forskjellige rom. Også her kan det være ein fordel å være to av forskjellig kjønn slik at ein kan ta vare på begge gruppene.

Anhänge:
DateiBeschreibungErstellerDateigröße
Diese Datei herunterladen (110613 Eit møte i sorg.pdf)110613 Eit møte i sorg.pdfEi hjelp i nauden - eit møte i sorgMichael Hoffmann1080 KB