Seite 4 von 16
3. Situasjonen møter meg
Det er eg som får telefonen. Det er meg dødsbodet møter først før eg skal bringe det vidare. Det er eg som skal gå med dødsbodet, men kven er eg i denne situasjonen? Det er særleg tre aspekt som eg ser på som viktig i denne samanhengen: Eg er meg sjølv som person med mine holdningar og mine erfaringar. Eg er prest og samstundes ein representant for det største trussamfunnet i Noreg og ein representant for styresmakta i landet og skal gi melding til politiet om utført varsling. Men eg har også eit kjønn. Eg er ein mann og det er nok ein større forskjell for muslimar om det er ein mann eller ei kvinne som ringer på døra.