Beitragsseiten

2.     Metode og litteratur

Eg skal ta utgangspunkt i den praktisk-teologiske metoden[5]. Dvs. at eg går ut frå den aktuelle kyrkjelege praksisen og undersøker den gjennom at eg reflekterer over den med både eit  kulturelt og eit teologisk perspektiv, før eg ynskjer å kome med nokre forslag om korleis ein eventuelt kan unngå vanskelege situasjonar.

Eg har ikkje klart å finne litteratur om dette temaet. Det eg har klart å finne av litteratur er spesialoppgåva i teologi til Sindre Stabell Kulø ”om presters erfaring og holdninger til å gå med dødsbudskap. ” I tillegg til dette har eg 3 tyske bøker om møte med muslimar i helsevesenet.  Det er nok ikkje alt i desse bøkene som er relevante, men eg fann mykje godt og relevant der. Ei siste skriftleg kjelde ved sidan av artiklar på internettet og pensumlitteraturen  er ei brosjyre om ”Døden i islam”[6] som er utgjeven  av det islamske gravferdsbyrået ”al-Khidmat” som er medlem av ”Islamsk Råd Norge”.  I tillegg kjem også mi eiga erfaring både frå Noreg, Tyskland, reiser til og den tida eg levde i muslimske land. Likevel skal eg fortrinnsvis bruke eksemplar frå bøkane sidan eg er prest på ein liten plass og må passe på teieplikta mi for kunne ta vare på dei som bur her og dei eg møter slik at ingen av dei kan identifiserast.

Eg skal ikkje sjå på heile situasjonen med ein gong, men heller gå steg for steg og ta refleksjonane og ein førebels konklusjon ved det enkelte steget før eg vil framheve nokre funn i oppsummeringa.

Anhänge:
DateiBeschreibungErstellerDateigröße
Diese Datei herunterladen (110613 Eit møte i sorg.pdf)110613 Eit møte i sorg.pdfEi hjelp i nauden - eit møte i sorgMichael Hoffmann1080 KB