Beitragsseiten

4.1. Kven er ”dei”?

Det er enkeltmenneske vi møter, ikkje grupper. Likevel er også desse  enkeltmenneska del av forskjellige grupper i samfunnet som kan ha forskjellige behov ved eit dramatisk dødsfall og ein bør være klar til å kunne møte desse behova.  Vi må rekne med å finne dei i eit kontinuum som har ”ved sin eine ende den tradisjonelle muslimen,  som dømmer etter sharia, er religiøst praktiserande, ufaglært og som har levd størsteparten av livet sitt i eit muslimsk land og som har ved sin andre ende den vestleg sosialiserte muslim, som er sekulær og rasjonell bedømmande, ureligiøst og født i vesten”[28] Vi kan aldri vite kor i dette spektrum vi finn dei som vi skal møte.  Men vi kan prøve å skaffe oss så mykje informasjon som råd: Kor kjem familien i frå? For det eine kan ein på denne måten skaffe seg ein tolk i bakhanda om det skulle behov for det. For det andre kan dette gi hint om kva slags sosialt nettverk og støtteapparat ein kan forvente.

Det kan også opplevast som eit overgrep når ein møter opp med tolk på døra sidan dette kan oppfattast slik at vi ikkje trur at dei fungerar i samfunnet slik at dei kan kommunisere med oss på norsk. Likevel kan det være ein fordel å kunne tilkalle ein tolk når det oppstår behov for det. Tolken bør helst være av det same kjønnet som hovudpersonen som vi skal varsle[29]. Om det er mogleg bør ein bruke profesjonell tolk som kan sitte på skrå bak hovudpersonen[30] som vi skal varsle, og som kan gjengi ytringar korrekt.

Sjølv om ein både blant pakistanarane, tyrkarane og marokkanarane kan møte menneske som er nok så nye i landet, så har desse gruppene som kom til Noreg som arbeidsinnvandrarar  ofte eit betre sosialt nettverk og betre språkkunnskap. Flyktningar frå Balkan er etter kvart også være godt integrerte. Somaliarane og Irakarane er per i dag dei to nest største gruppene med muslimsk bakgrunn, men dei fleste av dei  kom først i løpet av dei siste 10 år. Så her kan bilete være nok så forskjellig. Vanskeleg er situasjonen oftast for afghanarane: Her er det rundt 90% som kom til Noreg mellom 2000 og 2008 og mange av dei har framleis uavklart status, slik at dei ikkje veit om dei får bli.  Talet på dei som har bakgrunnen frå Iran har auka jamt sidan 90talet og det som skil dei fleste i denne gruppa og ein del irakarar frå resten av muslimane er dei tilhøyrer shiaislamen, men fleirtalet er sunni. For shiamuslimar er heilage menn[31] og religiøse leiarar ofte større autoritetar enn for sunnimuslimar[32]. Dei har også ein større tradisjon til å vise sterke emosjonelle ytringar i sorg og kan finne inspirasjon ved graver, medan sunnimuslimane avviser dette og viser til hadith[33]. Det kan også være forskjell i muslimsk kultur frå land til land. Muslimar frå Aust-Asia er ofte meir liberale enn muslimar frå Afghanistan, Pakistan, Iran eller arabiske land[34] og det er nok fleire sekulare muslimar i Tyrkia og Marokko enn i Palestina.

Anhänge:
DateiBeschreibungErstellerDateigröße
Diese Datei herunterladen (110613 Eit møte i sorg.pdf)110613 Eit møte i sorg.pdfEi hjelp i nauden - eit møte i sorgMichael Hoffmann1080 KB