Beitragsseiten

3.3.          Eg som mann eller kvinne

Eg har også eit kjønn og dette har i den muslimske kulturen  større vekt enn i den ganske likestilte norske kulturen. Også koranen tar utgangspunkt i at både mann og kvinne er skapt av gud[17], og får likelønn for fromleiken sin[18]. men rollene[19] og rettane er definert nok så forskjellige både i koranen[20] og gjennom hadithane[21]. Kulturen i den enkelte familie kan igjen være forskjellig frå dette.[22] Sjølv om eg først og fremst er prest når eg går med dødsbod så har dette også eit kjønnsperspektiv. Når menneske møtast  ” har de med et kjønnsperspektiv hvis de reflekterer over hva det betyr/har betydd for dem at de er kvinne eller mann i forhold til erfaringene de har med sin tro og i sitt troende fellesskap.”[23] Kjønnet er av praktisk betyding når eg går inn i eit møte med ein muslimsk familie. Det eg bør har som mål frå mi side er kjønnsrettferd, som eit ” ideal som innebærer at kvinner og menn har den samme friheten og retten til å bestemme over egne liv, til ikke å bli diskriminert, og at de har lik rett til deltakelse. Det slår også fast retten til personlig integritet som avgjørende for opplevelse av likestilling.”[24] Uavhengig om presten er mannleg eller kvinneleg bør ein difor være open for å respektere at dei enkelte medlemmane i familien bestemmer sjølv i kor stor grad dei vil halde seg til tradisjonen sin og i kor stor grad dei vil gå bort frå den. Uansett må eg ta vare på deira personleg integritet. Eg skal som oftast formidle bodskapen i heimen, dvs. at eg rørar ved den territoriale integriteten deira og bodskapen som eg skal bære fram vil også røre ved deira psykisk integritet for berre å nemne to aspekt av den personlege integriteten. Det er difor viktig at eg er observant på at ikkje eg som person i tillegg til dette rører ved denne integriteten. Difor bør eg oppføre meg som ein gjest som respekterar tradisjonane i familien og ikkje blir irritert over dei, sjølv om dei er framande og uforståeleg for meg.  I følgje den islamske tradisjonen[25] skal ikkje ei kvinne og ein mann som ikkje er i slekt med kvarandre opphalde seg åleine i same rom. Når eg går med dødsbod må eg rekne med å treffe både enkeltmenneske av det andre kjønnet eller fleire medlemmer av familien. Det  vil difor alltid være ein fordel å gå i lag med nokon av det andre kjønnet[26], dvs. ein kollega, ein diakon eventuelt også ein tolk. Hovudformålet med dette er å respektere dei vi møter, men også utover dette ved dødsbod til norske familiar har eg gjort gode erfaringar med dette. Menn og kvinner er forskjellige og dei har ofte forskjellige gåver slik at dei er betre til å ha fokus på forskjellige område og forskjellige menneske.

Anhänge:
DateiBeschreibungErstellerDateigröße
Diese Datei herunterladen (110613 Eit møte i sorg.pdf)110613 Eit møte i sorg.pdfEi hjelp i nauden - eit møte i sorgMichael Hoffmann1080 KB