Når eg går med dødsbod er det meg sjølv som eg har med meg. Eg har mine erfaringar og mine holdningar med meg og det er viktig å være bevisst på dei slik at eg kan handtere dei.
Det er stor forskjell på om eg er på ferie i eit muslimsk land eller om eg møter muslimar som har heimen sin i Noreg og som må kanskje høyre noko av det tristaste ein kan tenkje seg på denne jorda: Nokon av dei har plutseleg blitt reve bort frå dei. Når eg går inn i dette møtet skal eg ta vare på meg sjølv, men eg skal først og fremst ta vare på dei eg møter, dei er medmenneska mine.
Når eg skal eit kanskje ganske intens møte med ein anna kultur bør eg prøve å setje meg sjølv i stand til å være sensitive. Kor er min eigen mellomkulturelle kompetanse?[7] Kor stor Ambiguitetstoleranse har eg? Kor mykje dissens klarer eg å halde ut? Kor empatisk kan eg være i dette møte, kva kan hindre empatien? Kor mykje kan eg kommunisere, bygge opp og halde relasjonen? Kor mykje veit eg verkeleg om kulturen som eg skal møte? : Opphavet i ein bestemt kultur. Hijab eller skjegg er nok ingen tydelege teikn på kor religiøse dei som eg skal møte er.[8] Klarer eg å være observante på meg sjølve? Kor kan eg møte mine eigne holdningar i staden for dei pårørande. Kva er holdningane mine? Kor disiplinert er eg? Slik at ikkje eg sjølve hamnar i sentrum, men dei pårørande kan bli der.
Eg skal kommunisere og for ” å kunne kommunisere konstruktivt og åpent både med og uten ord kreves en oppmerksom holdning, en bevissthet og en vilje til å se både seg selv og de(n) andre.”[9]