Norsk

Joh 8,2-11 Tidleg om morgonen dagen etter kom Jesus til templet att. Alt folket samla seg ikring han, og han sette seg og lærte dei. Då kom dei skriftlærde og farisearane med ei kvinne som var gripen i ekteskapsbrot; dei stelte henne fram og sa: "Meister, denne kvinna har dei kome over medan ho gjorde ekteskapsbrot. Moses har sagt oss føre i lova at slike kvinner skal steinast. Kva seier no du?"

Preiketekst: Luk 12:13-21

Ein i folkehopen sa til Jesus: "Meister, sei til bror min at han skal skifta arven med meg!" Men Jesus svara: "Ven, kven har sett meg til å døma eller skifta mellom dykk?" Så sa han til dei alle: "Ta dykk i vare for all havesykje! For det er ikkje det du eig, som gjev deg livet, om du har aldri så

Jesus sa: Når du vil be, gå då inn i kammerset ditt og lat att døra, og bed til Far din som er i det dulde. Og Far din, som ser i det dulde, skal løna deg. Når de bed, skal de ikkje ramsa opp ord som heidningane; for dei trur at dei vert bønhøyrde berre dei brukar mange ord. Gjer ikkje som dei! Far dykkar veit kva de treng før de bed han om det. Difor skal de be såleis:

 

Fader vår, du som er i himmelen!

Lat namnet ditt helgast.

Lat riket ditt koma.

Lat viljen din råda på jorda

så som i himmelen.

Gjev oss i dag vårt daglege brød.

Forlat oss vår skuld,

som vi òg forlet våre skuldmenn.

Før oss ikkje ut i freisting,

men frels oss frå det vonde.

For riket er ditt, og makta og æra

i all æve. Amen.

 

Det er noen her som snart skal bli konfirmanter. Og disse ord, fader vår,  er noko vi skal snakke om i løpet av den tida fram til konfirmasjonen. Dokke har sikkert hørt dei men har dokke bed dei eller har dokke berre sagt dei fram:

 

Fader vår, du som er i himmelen!

Lat namnet ditt helgast.

Lat riket ditt koma.

Lat viljen din råda på jorda

så som i himmelen.

Gjev oss i dag vårt daglege brød.

Forlat oss vår skuld,

som vi òg forlet våre skuldmenn.

Før oss ikkje ut i freisting,

men frels oss frå det vonde.

For riket er ditt, og makta og æra

i all æve. Amen.

 

Seier vi opp fader vår eller ber vi det? Eg kan ikkje svara for dokke, men eg kan fortelje dokke om ein som prøvde å be fader vår:

 

 

Fader vår, du som er i himmelen!

 

Ja

Ikkje forstyr meg, eg ber.

 

Men har jo snakka til meg!

Eg skulle ha snakka til deg? ææh nei, ikkje eg? Vi ber berre  slik: Fader vår, du som er i himmelen!

 

Da gjorde du det igjen - du kallar på meg,, skal du snakke med meg eller kva? Kva er det du vill?

Lat namnet ditt helgast.

 

Meinar du det på alvor?

Kva skal eg meine?

 

Meiner du det på alvor at du skal heilage  namnet mitt? Kva meiner det eigentleg for deg å heilage namnet mitt?

Det meiner … det meiner … f…….,  eg veit ikkje kva det meiner! Korleis skal eg vite det?

Det meiner at du ærer meg, at eg eineståande viktige, at namnet mitt er verdifullt for deg.

Aha. Hm. Dette forstår eg. Lat riket ditt koma. Lat viljen din råda på jorda…

 

Gjer du noko for dette?

At det skjer din vilje? Sjølvsagt! Eg går til gudsteneste og på bedehuset, eg gir til kyrkja, til misjonsforeninga og i fasteaksjonen.

 

Eg vil meir: eg vil at du får orden på livet ditt,  at du slutter vanane dine som irriterer andre, at du lærer dei å tenkje frå andre sin perspektiv, for og på andre, at dokke hjelper andre, slik at alle menneske får kjenne sanninga, også naboen din og sjefen din. Eg vil at sjuke blir lækje, at dei som sylter får mat, at dei som sørgjer blir trøysta og at dei som sitt i fengsel blir frigjort, fordi alt, som du gjer for ein av disse gjer du for meg?

Kvifor seier du det nettopp til meg? Kva trur du, kor mange svinerike hyklar sitt her i kyrkja? berre sjå deg rundt!

 

Unnskyld! Eg tenkte berre at du meinte det på alvor at mitt herredøme skulle kome og at alt skulle skje etter min vilje. Dette begynnar nemleg heil personleg med den som ber. Først når du ønskjer det same som eg, kan du være en truverdig ambassadør for mitt rike.

 

Det er sant, men får eg fortsette med å be? Gjev oss i dag vårt daglege brød.

 

Du har overvekt, min son! Det at du ber for dette inkluderer også forpliktinga til å gjer noko for at alle dei millionar på jorda som syltar får sitt daglege brød.

Forlat oss vår skuld, som vi òg forlet våre skuldmenn…

 

Og han Frode?

frode? ikkje snakk om  han! Du veit nok korleis han har blamert meg? Du veit kor arrogant han er mot meg, slik at eg rasande allereie før han begynnar med sine kommentarar? Han tar meg ikkje på alvor, han dansar på hovudet mitt, han…

 

Eg veit, eg veit men bønna di?

Eg meiner det ikkje sånn?

 

Du er idet minste ærleg. Liker du det eigentleg å gå rundt og være sur og bitter?

Det gjer med sjuk!

 

E vi gjere deg frisk. Tilgi han Frode og eg tilgir deg. Då blir arrogansen og alt dette han sitt problem og sund og ikkje ditt. Kanskje du tapper noko på dette: Pengar eller image, men du kjem til å vinne en heil del fred for hjertet ditt.

 

Eg veit ikkje om eg klarer det.

 

Eg hjelper deg!

Før oss ikkje ut i freisting, men frels oss frå det vonde.

 

Ingenting er enklare en dette: Unngå personar og situasjonar som freistar deg!

 

Korleis meinar du dette?

 

Du kjenner nok dine svake sider: det o være upåliteleg, pengane dine, seksualitet, aggresjon , oppseding . Gi freistaren  ingen moglegheiter!

 

Eg turt dette blir det mest vanskeleg fader vår som eg har bedt i heile mitt liv, men for første gang har det nokko å gjer med meg, med livet mitt!

 

Fin det begynnar å gå oppover. Berre be heilt fram til slutten.

For riket er ditt, og makta og æra i all æve. Amen.

 

Veit kva eg liker? Når folk som du begynnar med å ta meg på alvor, begynnar å be med heile sitt hjerte, begynnar å følgje meg med heile og gjer det som er viljen min. Eg liker det når dei etterkvart legg merke at det dei gjer for at rike mitt skal kome gjer dei sjølv lukkeleg.

Eg veit ikkje om har bedt ein sånn fader vår før, men eg utfordrar dokke, vær førebud på at gud svarer når dokke ber, når dokke snakkar med han.

 

Jesus sa: Elskar de meg, så held de boda mine. Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger.

 

SALME 121

 

Det må være lov til å være litt ettertenksam  og det må være lov til å stille nokre spørsmål på denne dagen i dag, der vi feirar oss sjølv og klager over andre:

 

Eg lyfter mine augo til fjella:

Kvar kjem mi hjelp ifrå?

Kva er vårt fjell ? Kor leiter vi etter hjelp? Er det oljefondet, er det regjeringa eller kven er det?

Kva slags hjelp ventar vi på? Trenger vi berre pengar eller er vi førebud på at nokon hjelper oss?

Unterkategorien