3.2. Situasjonen til dei armenske i Jerusalem i dag
Også Armenarane i det heilage landet er trua av emigrasjon: i 1940åra var det omtrent 15.000 armenarar i Palestina[36]. I dag er det ikkje ein gong 5.000. Mange flytta fordi dei ikkje ville bli dratt inn i konflikten mellom israelarane og arabarane. I Jerusalem bur det i dag 2.000 armenarar, 1.500 av dei i det armenske kvarteret. Talla varierer veldig i dei forskjellige kjeldane, men trenden er eintydig i alle: Talla går dramatisk ned. Årsakene til det kan ligge i den politiske situasjonen i det heilage landet, men kanskje også i betringa av situasjonen i Armenia. Mange av dei blir behandla som palestinarar[37]. Etter samanbrottet av sovjetunionen var det fleire tusen etniske armenarar som flytta til Israel, men dei er ikkje med i det armenske fellesskapet. Dei er ofte gift med sovjetiske jødar og assimilerar seg. Armenarane i Jerusalem og det heilage landet er eit lite fellesskap og det er også noko som truar dei: Dei må nesten gifte seg utanom det armenske fellesskapet og blir på denne måten assimilert bort. Også det forholdsvis gode forholdet som Israel har til Tyrkia[38] er ikkje uproblematisk samstundes som situasjonen i Armenia i mange år har blitt betre.
Det står att å sjå om armenarane i det heilage landet overlever, men landet hadde blitt fattigare om dei hadde blitt borte.