Beitragsseiten

Studietida i Herborn og Heidelberg (1611-1614)

Comenius reiser til det calvinistiske universitetet i Herborn. Med iver byrjar han med studiane sine.  Viktig for han som eit skjebne blir møtet med to professorar. For det eine må ein nemne Johann Heinrich Alsted. Det encyklopediske interesse og dei pansofistiske mål til denne professoren etterlet stort inntrykk hos den unge studenten. For det andre så må ein nemne Johann Fischer-Piscator, ein ”fortreffeleg bibelmann, med særleg strekt eskatologisk, jo kiliastisk  interesse ”.[2] Detter meinar at han lever i forventninga om at Kristus snart kjem att og i håpet om at guds rike bryter fram her på jorda.[3] Denne holdninga i trua går nært inn på den unge mannen frå Mæhren.

Det ser ut som om Comenius i tida i Herborn også blei kjent med den nye undervisningsmetoden til pedagogen Wolfgang Ratke. Han går ut ifrå at undervisningskunsten er meir nyttig for kunsten til å regjere enn alle andre kunster. Han krev at under visninga må skje etter den naturlege framgang i tinga, slik som alt anna.[4] For Comenius med sine eigne erfaringar frå skulen er dette heilt nye tankar som ikkje slepp han resten av livet.

I studietida vandrar Comenius frå Herborn til Holland. Det har vel ikkje skjedd utan grunn: Holland var heimlandet til ”brørne av det fellesskapelege livet, som allereie i tida før reformasjonen [i Tyskland] stå i kontakt med dei bøhmiske brørne”[5].

Etter noko tid forlét Comenius universitetet i Herborn og flytter til Heidelberg, der han fortsetter studiane sine. Ein milepæl der blir for han først og fremst David Pareus, ”ein lidenskapeleg ireniker, som prøvde å kome over stridane mellom lutheranarane og dei reformerte.”[6] Det er ein alvorleg sjukdom som tvinger han til avbrekk i studiane sine. Legane han tilrår at han reiser att til heimlandet.