Beitragsseiten

 

Guddommelege openberringar

I nesten 40 år, frå 1616 til 1655, samla Comenius openberringane til Christoph Kotter, Kristina Poniatowska, Nikolaus Drabník og andre. Ha dokumenterar draumane, syna og visjonære tilstandar. Den bøhmiske vitskapsmannen ser i dette guddommelege  openberringar og relaterar til dei kyrkjelege og politiske tistandar i sin tid. Korleis kan ein forklare at eit såpass opplyst menneske som biskopen i Brøruniteten, gir sitt til disse openberringane  og at han ikkje er redde for å trer fram med dei på lyse dagen med skrifta si ”Lux in tenebris”?

Det er ingen tvil om at Comenius trudde på disse openberringane, elles hadde han ikkje nemnt dei i testamentet sitt  som ei av sine tre viktigaste oppgåver.

Det er ikkje i ”Centrum securitatis” men i ”Verda sin Labyrint og hjartet sitt paradis” som kom ut to år før at han skriver litt meir om guddommelege openberringar som fenomen. I hjartet sitt ser han  den ”vesle haugen av dei fromme” som først er utlevert til verda utan vern. Så vernar ”eit forsvarsring av englar” dei få trufaste. Nærmare omskrivar han desse verande englane som ”elskarar til menneska”. Det er til dette målet dei er skapa av gud.[64] Men ved sidan av dette har dei også ei anna oppgåve, ”nemleg at dei ikkje berre er vaktmenn for oss, men også til oss som våre lærarar. I det at dei underviser oss i nokre ting ofte i all  løyndom , ja til og med fortel oss dei djupaste guddommelege løyndomar … Det er derifrå det kjem at både det eine eller det andre som enten allereie har skjedd eller som  skjer nå, eller som skal skje blir synleg inne i tankane deira gjennom draumar og visjonar eller også løynde innskytingar. ”[65]

Comenius prisar profetiens gåve som ”lykkeleg skule av guds barn” som  ofte får ”enkle menneske” til å fortelje vindunderlege løyndomar  og som syner framtidige forandringar i verda og kyrkja.[66]

Kva funksjon syna har blir for eksempel synleg i skriftene ”Angelus pacis” og ”Den siste trombona over Tyskland”. Dei har først og fremst som mål å formane dei politiske maktene i hans tid, for det eine England og Nederland og for det andre  dei tyske fyrstar, adlingane og byane, om å kome til forstanden og til einskap. Denne einskapen krev ei nok så grundig  forandring i tankane: omvending til gud og utsoning med han. I denne samanhengen relaterer den bøhmiske presten seg til profetiane, sjølv om han fastslår resignert:

”Kor mange av disse vindunderlege personane er det nok som hadde likande openberringar eller på andre måtar blei vekka, og som blei beordra til å forkynne Guds sinne og straff som kjem fem i denne siste tida? Berre i Tyskland kunne eg telle 50 stykkar, som (i løpet av 40 år) fekk trykka sine visjonar og innskytingar (, der dei fleste nok var ulærde idiotar, enkle folk men likevel også nokre adelege). Men kva nyttar det sidan ei n berre driv gjer det til narr? ”[67]

Tanken, som møte oss i den teologiske runnlegginga av tankane til Comenius, møter oss igjen.  For å kome frem til fred, for å returnere til det som eigentleg er vesenet til menneska må ein gå bota si veg som har utsoninga med Gud som mål. Profetiane kan tydast slik som Comenius bruker dei for å gjer det tydeleg for verda at ”vegen att”, omvendinga til gud nå er audsynt slik som aldri før. Gud hjelper mennesket gjennom openberringane, til å finne att den plassen som Gud har tiltenkt det i skapingsordninga.

Omvendinga til Gud som Jesus Kristus lærar oss, det er appellen og testamentet frå den bøhmiske biskopen til etterkomarane. Han samlar tankane med følgjande ord:

”Mykje kunnskap blåser opp, berre det å kjenne Kristus rett, er kuntenes kunst, er å kalle kjernen i visdomen”[68]